Næringsliv | 28. sep. 2012

Flis og Gulv er konkurs

– Vi har tapt på at konkurrentar har lagt ned, seier innehavar Ernst Johannessen.

Flis og Gulv er konkurs
Flis og Gulv i Os Næringspark gjekk konkurs i førre veke. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. sep. 2012 13:45

Torsdag 20. september blei Flis og Gulv Os AS slått konkurs.

– Vi hadde ein god start på Flåten i 2001, og hadde fleire fine år i Os Næringspark, men så gjekk det dessverre nedover, seier Ernst Johannessen.

Han fortel om auka konkurranse på maling om mindre konkurranse på fliser. Også sistnemnte har vore negativt for drifta.

Færre konkurrentar - dårlegare lokalt utval

– Flis og Gulv var nok kjent for å ha låge prisar, men så byrja enkelte kjedar å selja maling for mindre enn det vi kjøpte malinga inn for.

– At lokale konkurrentar som dreiv med fliser la ned fekk ikkje positiv verknad for vår drift, snarare tvert imot. Folk vil gjerne sjå på mange ulike fliser og samanlikna, og då reiser dei gjerne til by'n for å ha større utval.

Han trur også at han har hatt for lite tid til å vera i butikken sjølv, og at det nye lokalet i næringsparken var trekt for langt vekk frå vegen.

– Det hadde nok sin marknadsverdi å ha vindauge heilt ved Byvegen.

Held fram på Sotra

Johannessen eigde Flis og Gulv Os AS åleine. Frå før er han medeigar i Flis & Gulv Sotra AS, eit firma som går godt.

– Der har vi fleire bein å stå på for vi er også importør og sel til andre forhandlarar. Og så ser det ut som om sotraværingar ikkje har fullt så anstrengt forhold til pris, dei kjører ikkje over brua for eit spann med maling eller for å spara nokre hundrelappar på flisene.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.