Kultur | 03. sep. 2012

Flott avskjed hos Sundøy

... og no vil nye krefter overta Os Biljard og Sportsbar.

Flott avskjed hos Sundøy
4-1 til Brann og jubelen sto i taket på Os Biljard og Sportsbar søndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 03. sep. 2012 07:57

Stemninga sto i taket då Brann snudde 0-1 til 4-1 over serieleiar Molde på det som var annonsert som Hans Olav Sundøy sin siste opningsdag.

Les òg: Sundøy legg ned

Brann-supportarar med og utan "uniform" møtte fram for å få ein siste kveld på den 28 år gamle salongen, som dei siste åra har vore ein populær samlingsplass, ikkje berre for dei som speler biljard, men for dei som vil sjå fotball på storskjerm.

Sundøy bestemte seg i haust for å legga ned salongen og baren og søndag var siste opningsdag. Under kampen var det fleire som kom til bardisken og takka Hans Olav for 28 fine år, etter kampen vanka det varme klemmar frå gjestar på veg heim.

– Eg skal faktisk på jobb i morgon og, men det er for å hjelpa dei som vil overta, fortel Hans Olav.

Vil driva vidare

Nye krefter ønskjer å driva vidare med både biljard og fotballpub i Os Næringspark.

– Eg er glad i både biljard og fotball og ser at dette er ein plass osingane kjem til å sakna, seier Fredrik Andersen (21).

Andersen jobbar som butikkseljar på Elkjøp og har plan om å overta interiøret og lokalet i Os Næringspark.

Os Biljard og Sportsbar kjem til å halda ope vidare med same opningstider som før.

– Tida har vore knapp og det er mykje som skal på plass, med både overtaking av Sundøy sitt utstyr, ny leigeavtale og nytt skjenkeløyve. Men eg har fått ein avtale som gjer at vi kan halda ope allereie frå i dag av og ta overtakinga etterkvart som alt kjem på plass.

Satsar i Irisgården likevel

Då Tore André Sagstad, som driv Bowling1, videokiosken, Solsiden og Iris Bar og Spiseri, fekk høyra at Sundøy ville legga ned, bestemte han seg for å utvida tilbodet i Irisgården med fotballpub i Iris Bar og Spiseri.

Les òg: Startar fotballpub

– Eg gjekk ein runde med skjenkestadane i Os først, for å høyra om dei hadde noko på gang. Det er nok ikkje plass til så mange fotballpubar i Os og eg ville ikkje trø andre på tærne.

Den gong var det grønt lys og ingen aktuelle til å overta i næringsparken. At nokon no vil driva vidare set ikkje ein stoppar for Sagstad sine planar.

– Hadde eg visst dette for ei veke sidan så hadde eg kanskje lagt ballen død. Men no er abonnementa teikna, og det kostar mykje pengar å få visa sport til gjestar på serveringsstadar, så det er for seint for meg å snu.

– Eg reknar med å ha utstyret på plass i løpet av veka og opnar fotballpub til helga, seier Sagstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.