Fotball | 10. aug. 2010

Flott debut av Johannes

Ramo Racic skåra tre, Espen Valvik tok avskjed med to og Johannes Jordal (15) hadde ein strålande debut i 3. divisjon.

Flott debut av Johannes
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. aug. 2010 21:07

Tysdag kveld starta haustsesongen for andrelaget til Os med heimekamp mot Bergen Nord. Os 2 kom godt i gang og leia 3-0 etter 36 minutt.

Men Bergen Nord reduserte før pause og var i andre omgang tydelege på at dei ikkje hadde gjeve opp kampen om poeng, begge lag skåra tre mål i andre omgang.

- Første halvdel av kampen var eg veldig nøgd med, men vi klarte ikkje å halda konsentrasjonen oppe etter pause, seier trenar Tore Nielsen.

Eitt poeng frå andreplassen
Heimelaget let seg stressa og blei upresise av ivrige motspelarar, men gjestane kom ikkje nærmare enn 4-2 og 5-3.

Os 2 vann 6-4 og klatra frå 4. til 3. plass på tabellen.

- I periodar leiker vi oss med spelarar på same nivå som førstelaget spelte i fjor, det er kjekt å sjå. No ligg vi med 25 poeng berre 1 bak Fyllingen og 4 bak Voss på topp, seier Nielsen.

Tre av Ramo, to av Valvik
Ramo Racic blei dagens toppskårar med tre mål, eitt i første og to i andre omgang. Vegard Leikvoll Moberg, som skåra A-laget sitt einaste mål laurdag, putta igjen.

- Det var ekstra kjekt med to mål av Espen, som spelte sin siste kamp for Os for sesongen. Han reiser nemleg til Bali i haust.

Sjå oppramsing av skåringane nedst i artikkelen.

Jordal debuterte
I den travlaste perioden i andre omgang blei spelarane med mest fartstid i 2. divisjon viktige, Torkel, Vegard og Christian var stødige gjennom heile kampen.

Men i siste del av kampen fekk også Johannes Jordal vist seg fram. Gutespelaren som fyller 16 år først neste månad kom frå Lysekloster og debuterte for juniorlaget til Os i vår.

I 75. minutt i kveldens kamp kom stortalentet inn for Vegard Leikvoll Moberg.

- Johannes imponerte og var fryktlaus på seniornivå. Det var flott å sjå korleis han vendte av spelar etter spelar, akkurat som han gjer på gute- og juniornivå, seier Tore.

Jordal gjorde også eit godt forarbeid før han serverte ballen til Ramo så han kunne setja inn kampens siste Os-mål (og sitt eige tredje for dagen).

Os 2 - Bergen Nord: 6-4 (3-1)
Målskårarar, Os 2: Espen Valvik (18 og 36), Ramo Racic (21, 63 og 87) og Vegard Leikvoll Moberg (71).
Os 2 sitt lag (4-4-2): Anders Solberg Strønen, Mats Lepsøe, Kristoffer Sande, Per Søgnen Merai, Martin Eidsvik, Christian Almeland (Sven Lyssand 65.), Vegard Leikvoll Moberg (Johannes Jordal 75.), Torkel Hjertnes, Erik Kanestrøm, Espen Valvik (Espen Kopperud 65.) og Ramo Racic.

SJÅ TABELL

Os speler neste kamp borte mot Baune. Neste heimekamp går mot Arna-Bjørnar sundag 22. august klokka 16.00.

Skåringane mot Bergen Nord:
1-0 Espen Valvik 18. min (etter pasning av Ramo Racic)
2-0 Ramo Racic 21. min (etter pasning av Christian Almeland)
3-0 Espen Valvik 36. min (etter pasning av Vegard Leikvoll Moberg)
3-1 44. min
4-1 Ramo Racic i 63. min (etter gjennomspel av Torkel Hjertnes)
4-2 67. min
5-2 Vegard Leikvoll Moberg i 71. min (putta på retuar frå eige skot)
5-3 76. min
6-3 Ramo Racic 87. min (etter pasning av Johannes Jordal)
6-4 90. min

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.