Sport | 28. sep. 2020

Flott friidrettshelg på Kuventræ

Oslekene 2020 vart arrangert på Kuventræ denne helga.

Flott friidrettshelg på Kuventræ
Lea Alise Gundersen frå Fyllingen IL hoppa langt denne helga. Foto: Os Turnforening.
Ørjan Håland
Ørjan Hålandmandag 28. sep. 2020 12:45

Bildeserie:

Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
1 av 5
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening
Oslekene 2020. Foto: Os Turnforening

Oslekene er eit årleg arrangement som blir arrangert i regi av Os Turnforening.

Arrangementet er for utøvarar frå rekruttalder (7-8 år) til 19 år.

• Les òg: Jan Norvald Borgen overraska med ærespris.

Ei skikkeleg flott helg

Med knallvêr og flotte forhold var det ingenting å utsetja på helgas arrangement.

– Dette gjekk veldig bra, og det har vore ei skikkeleg flott helg, seier Åge Gulbrandsøy frå Os Turn.

– Vi starta på fredagen og avslutta på søndagen. Totalt har vi hatt 269 utøvarar i sving denne helga og det er jo veldig kjekt,

Til tross for koronareglar og lokale restriksjonar valde klubben å arrangera med utøvarar frå Bergen.

– Vi hadde ein diskusjon på dette og fann ut at vi fylte dei ulike kriteria som gjorde at dette ville gå bra. Vi er utandørs, og vi driv ikkje med kontaktidrett.

Det vart høge svev på Kuventræ under Oslekene. Foto: Os Turnforening
Det vart høge svev på Kuventræ under Oslekene. Foto: Os Turnforening

Første og siste i 2020

Det har vore eit spesielt år for mange, og det er ingen unntak for friidretten. Dette var det første arrangementet til Os Turn, og det ser ikkje ut til at det vil bli arrangert fleire stemne for denne aldersgruppa i 2020.

– Det har vore mange løp og stemne som har blitt kansellert i år. Dette vart vårt første arrangement for året, og det blir det siste også. Vi skal ha eit arrangement neste helg, men det er kretsmeisterskap for seniorar, påpeikar Gulbrandsøy.

Men trass i få arrangement dette året, ser klubben lyst på vekst i eigen klubb.

– Det ser bra ut om dagen, det er ei flott og jamn rekruttering i klubben, og det er vi veldig glad for. Det har vore eit flott opplegg på treningsfeltet.

Synne Hjertaker og Frida Berge Steinsland er nokre av rekruttene til Os Turnforening. Foto: Os Turnforening
Synne Hjertaker og Frida Berge Steinsland er nokre av rekruttene til Os Turnforening. Foto: Os Turnforening

Sjå biletserie under!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.