Politikk | 14. mai 2019

– Flott om Os kommune vil stilla seg på linje med andre kommunar

Ei sak om regnbogeflagg framfor rådhuset vert lagt merke til utanfor Os.

– Flott om Os kommune vil stilla seg på linje med andre kommunar
Leiar i Regnbuedagane i Bergen, Joakim Aadland, oppmodar politikarene i Os å stilla seg på linje med andre kommunar, og seia ja til å heisa regnbogeflagget utanfor rådhuset. (Foto: René Bjorheim)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 14. mai 2019 13:37

Til kveldens kommunestyremøte har Trine Lindborg og Bjørnafjorden Arbeidarparti levert inn ein interpellasjon om at Os kommune kjøper regnbogeflagg.

Dette skal heisast årleg utanfor Os rådhus under regnbogedagane/Bergen Pride og 10.desember på FN sin menneskerettighetsdag.

Tung symbolikk

Lindborg og Bjørnafjorden Arbeidarparti meiner at det er ein tung symbolikk i regnbogeflagget;

– Ved å heisa regnbogeflagget sender ein eit bodskap om tryggleik, inkludering, anerkjenning og ikkje minst respekt for at her i Os er det plass for dette sjølvsagte mangfaldet, og for denne friheita til å vera seg sjølv - uavhengig av seksuell legning eller orientering.»

Må ta rettigheiter på alvor

I interpellasjonen skriv Lindborg vidare at i mange land blir menneske i dag forfølgde på grunn av si seksuelle legning og kjønnsidentitet.

Ho trekk òg liner til Os kommune sine eigne innbyggjarar:

– Når Regnbuedagene årleg blir arrangert i Bergen har arrangementet sjølvsagt også deltakare frå vår kommune. Mange kjenner seg tryggare i ein by med eit større og meir inkluderande miljø for deira seksuelle legning.

– Flott initiativ - endå flottare om resultatet vert ja

Leiar for Regnbuedagene i Bergen, og kommunikasjonsrådgiver for FRI - Foreningen for kjønns- og seksualitesmangfold i Bergen og Hordaland, Joakim Aadland, fortel at han er glad for at Bjørnafjorden Arbeidarparti legg fram denne interpellasjonen under kveldens kommunestyremøte i Os;

– Eg opplev at saker som dette kjem oftare og oftare opp i kommunane rundt i landet. No er eg glad for at dette står på sakskartet til politikarane i Os, og eg håpar jo å få høyra om eit positivt resultat.

– I fjor vedtok til dømes Askøy kommune ein liknade interpellasjon, slik at regnbogeflagget no vert heist utanfor rådhuset på Askøy. Samstundes ser vi at det no dukkar opp mindre pride-festivalar, seinast på Osterøy i helga som var, seier Aadland.

Handlar om å gje tryggleik

Aadland seier seg samd i Lindborg at dette handlar mykje om å senda ut eit signal om tryggleik;

– Regnbuedagene i Bergen skal vera eit knutepunkt for fylket og regionen, ikkje berre noko ein finn i storbyen. Ved å heisa regnbogeflagget vil Os kommune tydeleg seia noko om korleis dei vil at innbyggjarene skal ha det - det skal vera lov til å vera seg sjølv, og ein skal få kjenna at ein har kommunen i ryggen, same kven du måtte vera.

– Eg og fleire med meg kjem til å følgja med på kva resultatet vert i kommunestyret i Os i kveld, avsluttar Aadland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.