Lokal | 17. feb. 2011

Flotte fullmånar

Dei neste månadane kjem månen til å sjå stor ut. Neste fullmåne er allereie laurdag.

Flotte fullmånar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. feb. 2011 14:05

Klokka 19.10 laurdag kveld er det fullmåne. Då er også månen nærmare jorda enn på lenge.

Månen går i ein ganske avlang bane rundt jorda, derfor varierer avstanden mellom dei to frå 356.000 kilometer til 406.000 kilometer. Er avstanden liten ser naturlegvis månen større ut, og dei neste tre fullmånane blir store.

Laurdag 18. februar er avstanden nede i 359.108 km, ved fullmåne laurdag 19. mars er månen endå «større», då er avstanden 356 kilometer. April blir heller ikkje så verst, 18. april skal avstanden mellom jorda og månen vera berre 358 kilometer.

Årets minste fullmåne kjem 12. oktober i år, melder Knut Jørgen Røed Ødegaard på bangirommet.no.

10. desember er det fullmåne og total måneformørking.

Og her er avstanden månad for månad gjennom 2011:

* 19. januar 366 159 km
* 18. februar 359 108 km
* 19. mars 356 580 km (årets minste avstand og største fullmåne)
* 18. april 358 798 km
* 17. mai 365 163 km
* 15. juni 374 499 km
* 15. juli 385 213 km
* 13. august 395 400 km
* 12. september 403 048 km
* 12. oktober 406 376 km (årets minste fullmåne)
* 10. november 404 376 km
* 10. desember 397 257 km (samtidig total måneformørkelse)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.