Næringsliv | 26. juni 2018

Fløysand Tak kjøper Kønig & Nesse AS

Fløysand Tak satsar vidare og kjøper 100% av aksjene i Køning & Nesse AS.

Fløysand Tak kjøper Kønig & Nesse AS
Administrerende direktør i Fløysand Tak, Jan Espen Larsen, fortel at dei har kjøpt 100% av aksjane i Kønig & Nesse AS (arkivfoto: Ørjan Håland) 
Andris Hamretirsdag 26. juni 2018 07:50

I 2017 kjøpte Fløysand Tak AS seg opp i Trondheim gjennom kjøpet av Trondheim Tak og starta eiga kontor på Stord.

Les: Fløysand Tak utvidar i nord og sør

No har det Osbaserte taktekkingsfirmaet utvida vidare.

– Fløysand Tak har i dag kjøpt 100% av aksjene i Køning & Nesse AS. Kønig & Nesse AS er eit veletablert selskap med lang erfaring frå store og små prosjekt i Bergen og Hordaland, heiter det i ei pressemelding frå Fløysand Tak.

Omset for 14-18 millionar

Kønig & Nesse AS har dei siste åra hatt ei omsetning på mellom 14 og 18 millionar kroner. Selskapet har sju tilsette, inkludert gründer, eigar og dagleg leiar Øystein Kønig.

– Dette er heilt klart eit strategisk riktig og viktig skritt for Fløysand Tak med tanke på dei mål og ambisjonar vi har, seier administrerende direktør i Fløysand Tak, Jan Espen Larsen i pressemeldinga.

– Dette grepet gjer oss i stand til å betjene kunder og markeder i enno større grad enn tidlegare. Med på laget får vi ein eldsjel for kvaliteten til faget vårt, i tillegg til dyktige håndtverkarar.

– Det er høg grad av samsvar mellom våre to selskaper når det kjem til haldningar, kultur og verdiar. Vi skal vera best på taktekking og det å jobba fram gode løysingar til våre kunder, seier Larsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.