Næringsliv | 30. juni 2017

Fløysand Tak utvider i Trøndelag

Fløysand Tak kjøper Trondheim Tak. – Vi ønskjer å ekspandere vårt geografiske nedslagsfelt, seier adm.dir Jan Espen Larsen i Fløysand Tak.

Fløysand Tak utvider i Trøndelag
Gudmund Fløysand starta Fløysand Tak i 2008. No kjøper verksemda Trondheim Tak i Trøndelag (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 30. juni 2017 08:08

Osbaserte Fløysand Tak, som blei etablert av Gudmund Fløysand i 2008 har vore gjennom ein kraftig vekst og tel no nær 70 tilsette. Etter oppkjøpet av Trondheim Tak kan dei utvida arbeidsstokken med ytterlegere 30 og få eit enno større geografisk nedslagsfelt.

Trondheim Tak blei starta av Jan Egil Storrø i 2005 og har siden den gang blitt ein betydeleg aktør i Midt-Noreg med 21 tilsette og ei omsetning på 30 millionar kroner. Dei har òg ei avdeling i Kristiansund med sju tilsette.

– Dei seinaste åra har verksemda hatt eindel utfordringar og ser på moglegheiten til å bli ein del av Fløysand tak som positivt for å dra nytte av den struktur og dei system dei har innarbeidd. Dette er ein moglegheit til å oppnå mål om vidare vekst og konsolidere posisjonen som ein seriøs aktør i marknaden, seier eigar og dagleg leiar Jan Egil Storrø i ei pressemelding.

Vil få eit større nedslagsfelt

Oppkjøpet er eit ønskje om å utvida det geografiske nedslagsfeltet for Fløysand Tak.

– Verksemda sitt kjerneområde har vore Hordaland, men vi ønskjer å ekspandere vårt geografiske nedslagsfelt til Midt-Noreg og Mørekysten, seier administrerande direktør Jan Espen Larsen i meldinga.

– Vi har hatt ei formidabel vekst siden starten i 2008, då Gudmund Fløysand starta selskapet. Vi styyrer mot ei omsetning på rundt 120 millionar i 2017 og opplever ein stadig auke av forespørslar og oppdrag.

– Vi har hatt ei rekkje store prosjekt i porteføljen, blant anna ny terminal på Bergen Lufthamn for LAB, Media City Bergen for HENT og bybaneutvidinga for Skanska og Veidekke.

Betre rusta

Larsen seier i pressemeldinga at utvidinga gjer selskapet betre rusta til å følgje kundene på Vestlandet og Midt-Noreg.

– Vi etterstreber å levera ein høg kvalitet, kombinert med høg fleksibilitet og smidigheit. Den geografiske utvidinga gjer oss enno betre rusta til å følgje våre kunder på Vestlandet og i Midt-Noreg.

– Det Gudmund Fløysand har klart å skape saman med ei rekkje gode medarbeidarar er heilt spesielt innan dette faget. Vi trur at vi saman med Trondheim Tak kan dra nytta av felles kompetanse, gode systemer og ei haldning om at vi skal levera den beste kvaliteten for våre kundar der dei er, seier Larsen.

Les òg: Fløysand Tak med styrka leiing

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.