Ekteparet Thomas og Nina har flytta nærmare dei høgare fjelltoppane. (Foto: solvang-camping.no)

Flytta til fjells for å trena og driva campingplass

I dag startar Thomas W. Andersen, Kongen av Hardangervidda, på Expedition Amundsen for niande gong.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Ultraløpar Thomas Wallin-Andersen frå Os har deltatt i 8 av 9 utgåver av «verdas tøffaste skiløp» Expedition Amundsen er 100 kilometer med pulk over Hardangervidda.

Det har resultert i 5 førsteplassar og 3 andreplassar. Sist han var med var i 2017, då var han tilbake på tronen.

– Eg rakk dessverre ikkje førebu meg til løpet i fjor. Dette var tydelegvis einaste gong vêret har vore fint, ut frå TV-programmet «På tur med Dag Otto», seier Thomas og ler.

I år har Thomas førebudd seg ekstra godt på sin nye heimplass i Møre og Romsdal.

Kjøpte campingplass omringa av fjell

Løpefantomet og tømraren Thomas har flytta med kona Nina Wallin-Andersen til Eidsdal nær Geiranger i Møre og Romsdal.

– Vi kjøpte ein campingplass som vi driv sjølv, Solvang Camping. No bur vi 430 meter over havet, og er omkrinsa av høge fjell og flott terreng å trena i.

– Så tømrarfirmaet ditt er lagt på is?

– Vi har 12 hytter og nokre driftsbygningar, så det er ikkje akkurat sånn at eg ikkje har bruk for verktøy lenger.

– Drifta passar oss godt, med hektisk jobbing sommarhalvåret og betre tid til trening og fjellturar om vinteren.

Mellom turistsesong og hardtrening til Amundsen har Thomas og Nina «slappa av» med å gå halve Noreg på langs, frå Nordkapp til Fauske.

– Vi tar neste halvdel etter neste sesong, frå Lindesnes til Fauske. Det blir om vinteren, så vi håper å få tatt mesteparten av turen med ski på beina.

Motbakke og ski

Det tur- og treningsglade paret flytta for naturen sin del, og stortrivst mellom fjord og høge fjell.

– Det blir mykje motbakke, rundt 9000 høgdemeter i veka. Samtidig har vi fått stått mykje på ski, så og seia kvar dag sidan november.

– Eg har aldri før stått så mykje på ski før Amundsen-løpet. Samtidig kjem det stadig nye, gode konkurrentar, og det er mange som trener godt, så det blir nok eit blodslit i år òg, seier Thomas på telefon frå Eidfjord før start.

16 timar på ski og 8 timar kvile

Løpet tar i alt eit døgn for dei raskaste, inkludert tre sjekkpunkt og obligatoriske til saman åtte timar med kvile. Om Thomas går like fort som før er han i mål rundt lunstid fredag.

– Folk bestemmer sjølv kor mykje dei kviler på sjekkpunkt 1 og 2, mens det er obligatorisk med minst 4 timar kvile på tredje sjekkpunkt. Dei som følgjer tracking kan derfor undra seg litt over status mellom punkt 1 og 2, mens det i realiteten er etter sjekkpunkt 2 du faktisk ser kven som ligg godt an, forklarer Andersen.

 

 

Fleire saker