Styreleiar Ingvald Grindheim og dagleg leiar Jan Erik Røstbø håper å tiltrekka seg flinke osingar innan olje, gass, bygg og anlegg (foto: Andris Hamre)

Flytta veletablert firma til Os

Lean Konsept Management AS har flytta til Os. – Vi håper å tiltrekke oss flinke osingar som vil koma i eit godt miljø, seier styreleiaren.

Av: Andris Hamre

Siden 2003 har Lean Konsept Management AS, som starta som Alfa Byggeledelse AS, arbeid med å finna konsulentar til olje, gass og byggjebransjen. Så det er eit veletablert og erfarent selskap som frå 1. januar 2018 tilsatte Jan Erik Røstbø som dagleg leiar og flytta frå Stord til Os og Bjørnafjorden gründerpark.

– Vi har i alle år drive i pluss. På det meste var vi 25 konsulentar, men då det gjekk nedover i olje- og gassnæringa måtte også vi byggje ned, slik at vi i dag er rundt ti konsulentar, fortel Ingvald Grindheim, arbeidande styreleiar sidan 2010.

Både han og Røstbø har lang erfaring frå større selskap før dei gjekk inn i Lean Konsept Management AS.

Revitaliserer på Os

Med ein nytilsett osing som dagleg leiar ser Grindheim for seg ei revitalisering av selskapet.

– Vi ønskjer å skape vår eiga nisje og ikkje jage dei store voluma, det er for usikkert. Vi vil heller kjenneteiknast av at vi har dyktige folk med oss og langsiktige relasjonar med kundane. Difor pøser vi ikkje på når vi ser at nokon søkjer etter til dømes ein HMS-ingeniør, men freister i staden å finna ut kva kunden treng og tilby dette, forklarar Grindheim.

– Vi veit det finst mykje dyktige folk på Os og desse ønskjer vi å koma i kontakt med, supplerer Røstbø før han nemner dømer som prosjektleiarar, senioringeniørar og ingeniørar innan olje, gass, bygg og anlegg.

– Gjennom femten år i marknaden har vi etterkvart bygd opp eit godt og breitt nettverk. Til dømes sendte vi nyleg ei liste med tolv kandidatar til eit større prosjekt i Asia innan olje og gass sektoren. 

Vidareformidlar kompetanse

Nettopp det å finna og vidareformidla kompetanse og konsulentar innan dei tre bransjene er hovudformålet.

– Forretningsideen er å vidareformidla kompetanse. Vi trur det sit folk i Os med gode idear eller som har lyst til å prøva å starta for seg sjølv, men samstundes ha eit nettverk i ryggen. Dei vi formidlar blir ikkje fast ansatt hos oss, men hyra inn til konkrete prosjekt. Vi tek oss av alt det administrative rundt eit oppdrag og sørgjer for arbeidsgiveravgift, forsikringar, pensjon og liknande. Alle avtalene er opne og transparente.

Ein kopp kaffi og ein prat

Lean Konsept Management er eit søsterselskap til Lean Konsept Utvikling og Byggemappen.

– Vi har òg lyst til å bli eit naturleg kontaktpunkt for osingar som jobbar i konsulentbransjen eller som går med gründeridear. Gjennom dei selskapa vi har starta det siste halvanna året har vi fått god kjennskap til det å vera eit nystarta firma og kan støtte med kompetanse om det er andre som vil starta nytt. Er det nokon som har lyst til å ta ein prat så er det berre å ta kontakt med meg, seier Røstbø som gjerne ser at dei får selskap av fleire gründarar i Bjørnefjorden Gründerpark.