Daniel Grape hadde første arbeidsdag i Industrivegen i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Flyttar bilbutikken til Os

Etter eitt år i Halhjemsmarka har Os Bilsenter fått nytt lokale.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I desember 2017 kom Os Bilsenter AS i gang. Ein månad seinare hadde han selt 10 bilar frå tunet heime i Halhjemsmarka.

– Eg selte til saman 106 bilar i fjor, fortel Daniel Grape, nøgd med første driftsår.

I fleire månadar før han starta var han på jakt etter lokale i Os. Jakta har halde fram, men først i går fekk han første arbeidsdag i nytt lokale.

Kontor og butikk i Industrivegen

Os Bilsenter har flytta til Industrivegen, i same bygg som Osbuss flytta frå i september 2018.

– Eg skal ikkje leiga heile eigedomen, men høgre del av bygget saman med nokre parkeringsplassar ut mot vegen.

Lokalet skal isolerast og pussast opp, eit arbeid som truleg er ferdig i april.

– I mellomtida har eg fått bruka eit av Osbuss sine kontor. Her blir eg sitjande til mitt lokale er ferdig, eventuelt til ein annan leigetakar skal inn. I så fall får eg ta meg nokre veker tilbake på Halhjem.

– Perfekt plassering

Daniel reknar med å få plass til 7-8 bilar under tak, i tillegg til god utstilling ut mot den godt trafikerte Industrivegen.

– Butikken kjem til å bli fin, i tillegg er eg svært nøgd med plasseringa. Det er sentralt, vi får vist bilane våre godt og det er kort veg ned til Carfix, som er fast leverandør for meg.

Alle bilane er på kontroll før levering, og mange av kundane eg har hatt til no har eg møtt på verkstaden for utlevering.

Halvparten er elbil

Grape har god erfaring innan bilsal, men har ikkje spesialisert seg på nokre få merke.

– Det viktigaste er at det er ein god bil til rett pris. Eg har selt alt frå Dodge og BMW til Toyota og Nissan. Det har vore cirka 50-50 elbil og fossilt drivstoff.

Os Bilsenter har prøvd å ligga på over 20 bilar i utvalet til ei kvar tid, i dag er det 19 på menyen. Han har selt bil for fleire sambygdingar, men kundane kjem frå store delar av landet. I går ringte ein kunde frå Oslo som har krasja bilen han kjøpte i fjor, og no helst vil kjøpa ny hos bilseljaren frå Os.

– Det var sånn eg hadde håpa at det skulle bli, at kundane skal få ei god handleoppleving og gjerne koma tilbake neste gong dei vil kjøpa bil.

Fleire saker