Musikk | 12. des. 2022

Flyttar den tradisjonelle morgonkonserten

Gratiskonserten blir i skumringa i staden.

Flyttar den tradisjonelle morgonkonserten
Frå julekonserten i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. des. 2022 09:27

I år som fleire år før har Kongshaug Musikkgymnas julekonsertar i Os kyrkje.

Programmet dei skal framføra to gongar laurdag blir også i år servert i komprimert form gratis på fredagen.

Sjå video frå julekonserten i fjor:

Les ògPå morgonkonsert med Kongshaug

Men det blir ikkje på morgonen, slik det har vore tidlegare år.

– Morgonkonsertane har vore populære, men av ulike årsaker blir det i staden «skumringskonsert» i år, fortel Anne Berit Hodne frå Kongshaug.

Fredagskonserten startar klokka 16.30 i staden for på morgonkvisten. Konsertane laurdag blir spelte klokka 16 og 19.

– Skulekoret med solistar står også i år sentralt, men vi har i tillegg med andre ensemble og instrumentalistar. Programmet vil innehalda både kjente og mindre kjente julesongar, og vi trur det vil bli ei god oppleving for publikum, seier Hodne.

Gratiskonserten fredag varer i rundt 45 minutt, konsertane laurdag er noko lengre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.