Kjell Størksen ser fram til å få logoen, med plattform, på «Bahusfabrikken», så olje- og energiministeren får den i fanget når han er heime i Os. (Foto. Andris Hamre)
Kjell Størksen ser fram til å få logoen, med plattform, på «Bahusfabrikken», så olje- og energiministeren får den i fanget når han er heime i Os. (Foto. Andris Hamre)

Flyttar heim med ny teknologibedrift

Endringar i oljebransjen har opna nye dører. Verksemda 2Stabilise etablerer seg i Holtbrekka med lokale investorar og 11 tilsette.

Andris Hamre
19. februar 2017 - 10:17

I 2011 skreiv vi om Kjell Størksen, som hadde funne ei løysing på å sikra rørgjennomføring på oljeplattformar under vatn utan bruk av dykkarar.

• Les òg: Sikrar rør utan dykkarar

No etablerer Størksen selskapet 2Stabilise på Os ved hjelp av lokale investorar, for å ta teknologien vidare.

– Endringar i oljebransjen gjorde at avdelinga eg jobba i blei lagt ned og slått saman med ei anna avdeling i Stavanger, fortel Kjell Størksen om avdelinga, som på det meste omsette for 55 millionar på eitt år.

– I staden for å gå over til ein konkurrent, fann vi ut at vi ville starta for oss sjølv og fekk med oss lokale investorar på satsinga.

Blir 11 tilsette

Med seg har han fått kollegaene frå den tidlegare arbeidsplassen. Dei er no i ferd med å etablera seg i delar av Os Asvo sine gamle lokaler i Holtbrekka.

– For å få til prosjektet var eg heilt avhengig av å få med meg nøkkelpersonar som eg har jobba saman med. Alle blei med og blir deleigarar i det nye selskapet. Frå 1. mai vil vi vera 11 tilsette som no får arbeidsplass på Os. I tillegg har vi fått med oss lokale finansielle investorar som har gått inn i selskapet og som sit i styret.

– Vi gjer alt sjølv og har eigne klatrarar, prosjektleiarar og operatørar.

Skåra topp i omfattande test

Løysinga 2Stabilise leverer for å stabilisera rør på plattformane er ei av mange ulike løysingar i marknaden.

– Sidan vi snakka saman i 2011 har vi også kome oss inn på engelsk sokkel. Det gjorde vi etter at BP evaluerte vår løysing opp mot to andre, engelske, løysingar. Vi fekk dobbelt så høg score som den nest beste løysinga. Evalueringa var omfattande og tok eit halvt år.

Størksen fortel at dei allereie har fått alt av sertifikat og godkjenninger for det nye selskapet på plass.

– Tidlegare tilhøyrde vi eit stort selskap, no er vi heilt aleine, så det er mykje som måtte koma på plass i oppstarten.

Om lag 600 installasjonar

Etter den første installasjonen i 1999 har dei levert til om lag 500 installsjonar over vatn og 100 under vatn.

– Utrekna levetid viser at løysinga vår skal halda i minst 25 år. Den første installasjonen vår har vi enno ikkje vore nøydd til å gjera vedlikehald på.

– Vi leverer mykje til eldre installasjonar og er godkjent og sertifisert som ei modifisering av plattformane. Det er eit omfattande dokumentasjonsarbeid som ligg bak.

– Den største leveransen har vi levert til Grane-feltet. Der var det rekna ut at arbeidet skulle ta 18 døgn, vi gjorde det på 5. Det sparer kunden for store kostnadar, slår Størksen fast.

Kan gje lokale ringverknadar

Formene som stabilisatorane blir støpt i blir i dag produsert i Vestervik i Sverige. Støypinga foregår anten på staden, eller blir prefabrikert på land.

– Vi held fram med samarbeidet med Vestervik, men det kan bli aktuelt å støypa på Os i framtida. Vi har allereie snakka med andre lokale verksemder om dette. Dei prefabrikerte elementa blir så frakta ut med båt og senka ned på havbotn, kor ein ROV plukkar dei opp og monterer dei på plattformen, forklarer oppfinnaren.

Må halda minimumstemperatur

Størksen vil naturleg nok ikkje røpa for mykje om produktet, men fortel at ein ring som veg 680 kg i luft, berre veg 50 kg når den kjem i vatn.

– Det skuldast at vi har støpt inn flyteelement for å skape ein oppdrift. ROVane er ikkje så glad i skulle løfta og handtere ting som veg meir enn 100 kg.

– Den største utfordringa er likevel å halda temperaturen på dei to komponentane vi bruker når vi skal støypa høgare enn 20 varmegrader. Desse blir produserte i Tyskland og frakta på bil til Noreg, eller til staden vi skal nytta dei. Fell dei under dette, så blir det øydelagt og vi kan berre reisa i land igjen. Det er dette vi har funne løysinga på.

Ser lyst på framtida

Størksen er ikkje med på at oljebransjen er ei dauande bransje.

– Eg har rett nok aldri opplevd makan til bråstopp i bransjen som denne gongen, men det snur no. Vedlikehaldsmarknaden, som vi er ein del av, er på veg opp, så eg ser så absolutt lyst på det. Oljeselskapa ønskjer å forlenga levetida på plattformene sine og det hjelper vi dei med, seier Størksen, som gler seg over å etablere verksemda i heimbygda og i kommunen til olje- og energiministeren.

– Om ikkje lenge vil det første som møter Søviknes når han kjem ned Byvegen mot Os vera ei plattform i logoen vår på veggen av Bahusfabrikken, avsluttar Størksen med eit smil.

Les meir om

Næringsliv Industri