Kultur | 08. feb. 2017

Flyttar inn i ny verkstad til 30 mill

Eit pålegg frå Arbeidstilsynet førte til store investeringar ved Os vgs. Eigedomsavdelinga har søkt om yttarlegare 20 mill til oppgradering.

Flyttar inn i ny verkstad til 30 mill
Avdelingsleiar Lasse Svellingen (t.v.) og rektor Johan Henrik Lassen framfor den nye, store verkstaden i D-blokka. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. feb. 2017 13:20

Bildeserie:

D-blokka er bygd om og tilbygg på 600 kvm er ferdig. (Foto: KVB)
D-blokka er bygd om og tilbygg på 600 kvm er ferdig. (Foto: KVB)
I gamleverkstaden har det kome klasserom, kontor, garderobar og varemottak. (Foto: KVB)
I gamleverkstaden har det kome klasserom, kontor, garderobar og varemottak. (Foto: KVB)
Eksos ut, olje og trykkluft inn: Verkstaden har fått fleire servicestasjonar. (Foto: KVB)
Eksos ut, olje og trykkluft inn: Verkstaden har fått fleire servicestasjonar. (Foto: KVB)
Ei eigen vogn for spelolje. (Foto: KVB)
Ei eigen vogn for spelolje. (Foto: KVB)
Nøgde elevar: Daniel Aase Tysnes, Kristine Egeland og Jakob Straume. (Foto: KVB)
Nøgde elevar: Daniel Aase Tysnes, Kristine Egeland og Jakob Straume. (Foto: KVB)
I midten; sveiseverkstaden. (Foto: KVB)
I midten; sveiseverkstaden. (Foto: KVB)
– Slike sveisebåsar er det få skular som har. (Foto: KVB)
– Slike sveisebåsar er det få skular som har. (Foto: KVB)
Her er det lett for læraren å følgja med. (Foto: KVB)
Her er det lett for læraren å følgja med. (Foto: KVB)
Elevar ved sveiselinja. (Foto: KVB)
Elevar ved sveiselinja. (Foto: KVB)
Arbeidsmaskinmekanikerane har fått ny verkstad med god traverskran. (Foto: KVB)
Arbeidsmaskinmekanikerane har fått ny verkstad med god traverskran. (Foto: KVB)
– Dei skal bygga vegane våre i framtida, og halda maskinene i drift, seier rektor. (Foto: KVB)
– Dei skal bygga vegane våre i framtida, og halda maskinene i drift, seier rektor. (Foto: KVB)
Både HMS og ventilasjon skal no vera på topp. (Foto: KVB)
Både HMS og ventilasjon skal no vera på topp. (Foto: KVB)
1 av 12

Planane om å bygga om eit av dei fire store bygga til Os vgs, D-blokka, starta i 2012. Det kom pålegg frå Arbeidstilsynet med krav om ei anna løysing for sveiseundervisinga. Eksisterande hydraulikkverkstad hadde òg ei utforming som ikkje tilfredsstiller nye krav til høgder og ventilasjon.

– Det var lenge snakk om ei ombygging til rundt 20 millionar kroner, i staden blei det nytt tilbygg på 600 kvadratmeter, til 35 millionar, om vi tar med prosjekteringskostnadane - saman med ombygging av eksistarende bygg, seier rektor Johan Henrik Lassen.

Rivinga og byggearbeidet starta rett etter at dei fekk midlar, våren 2016 - no er det meste ferdig innflytta og tatt i bruk. Det er Fronta Gruppen frå Stord, som òg bygde det nye bygget til Os Asvo, som har reist tilbygget.

– Dei skal bygga vegane våre

– Blant elevane har vi dei som skal bygga vegane våre i framtida, siste innspurt på Svegatjørn-Rådal, ny veg mellom Stord og Os og mellom Bergen og Voss - og som skal halda anleggsmaskinene i drift. Vi har fleire landslinjer ved skulen og sender blant anna 60 anleggsmaskinførarar ut i arbeidslivet kvart år, seier rektor.

Blant tidlegare elevar ved skulen er TV-kjendis og Farmen-deltakar Leif Einar «Lothepus» Lothe.

– Dei fleste arbeidsgjevarane vil helst ha dei som går ferdig begge to åra, at dei kjem ut ferdig med kompetansebevis. Så og seia alle går direkte i lære.

– Alt er enklare

No kan elevane ved VG1, 2 og 3 innan sveiseteknikk, saman med elevar innan både arbeidsmaskin-mekaniker VG2 og anleggsmaskin-mekaniker VG3 boltra seg i store, nye verkstadar med god takhøgde, frisk luft og mykje nytt utstyr.

– Det er meir utstyr på veg, vi har bestilt nytt verktøy og utstyr for 2,5 millionar kroner. Verkstadane våre har blitt svært funksjonelle og moderne, det er nok ei og anna bedrift som misunner oss desse fasilitetane, seier avdelingsleiar for bygg- og anleggsfag, Lasse Svellingen.

– Alt er enklare her, seier elev ved anleggsmaskin-mekaniker VG3, Kristine Egeland frå Rogaland.

Før måtte dei skru hytta av dei høgaste anleggsmaskinene for å få dei inn under tak. Då dei tappa olje måtte det berast ut i store kanner.

– No har vi eigne servicestasjonar med trykkluft, eksosavsug, grease og fleire typar olje. Røra ligg i golvet. Alt er datatstyrt så vi veit når det nærmar seg tomt, og spelolje blir no tappa ned på ei eiga vogn som er lett å trilla ut, forklarer Svellingen.

Søker om nye 20 millionar kroner

Eksisterande D-blokk er bygd om. Her har gamle varkstadar blitt til klasserom, kontor, garderobe og varemottak, mens delar av blokka er integrert i tilbygget med store, nye verkstadar.

– Verkstadane har eit ventilasjonsanlegg på storleik med ein leilegheit og til kostanden av ein einebustad. Det er lagt opp til ny ventilasjon òg i den ombygde delen, men her står det litt igjen.

Eigedomsavdelinga har søkt om yttarlegare 20 millionar kroner til oppgradering av D-blokka. Samtidig rosar dei byggherre Hordaland fylkeskommune for prosessen dei nyleg har vore gjennom.

– Fylkeskommunen har lytta til oss på avdelinga og vist stor velvilje, sånn at verkstadane og bygget har blitt best mogleg tilpassa vår bruk og undervising, seier Svellingen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Hald deg oppdatert med Midtsiden

Få tilgang til alt innhald frå Midtsiden-redaksjonen. Som abonnent hjelper du oss på veg til å kunna dekka endå meir av det som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.