Kultur | 05. juli 2013

Flyttar kafeen ut

– Når vi har den finaste terrassen i fylket kan den ikkje stå tom på fine sommardagar, seier Oseana-direktøren.

Flyttar kafeen ut
Roald Mjelstad og Ole Tobias Lindeberg flyttar bar og kafé ut i helgene - så sant vêret er fint nok. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 05. juli 2013 14:32

Oseana-direktør Ole Tobias Lindeberg kom i fredagsstemning då han og restaurant-eigar Roald Mjelstad i dag byrja å gjera terrassen utanfor foajeen klar for servering.

– Både eg og Roald har snakka om dette med servering på den store terrassen ei stund, og i morgon er det meldt sol så det er på tide å gjera noko med det, seier Lindeberg.

I dag har dei to førebudd møblar og utstyr til å ha eigen avdeling av kafeen utandørs.

– Vi flyttar ut kassaapparat, bar og vaffeljern så vi kan by på øl, vin, brus og kaffi på terrassen, saman med litt å bita i, seier Mjelstad.

– Vi har også ein populær kakedisk i kafeen, men inntil vi får ein god nok disk ute så får servitørane våre heller springa ned og henta, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.