Kultur | 12. mai 2011

Flytter festivalen

WT filmfestival flytter frå Fjellheim og hausten til Oseana og våren.

Flytter festivalen
Andris Hamretorsdag 12. mai 2011 07:50

WT Os Internasjonale Filmfestival har i tolv år blitt arrangert i Fjellheim. Når huset no stenger måtte festivalgjengen finna ein ny plass å arrangera den glamorøse filmhappeningen.

- Det var naturleg at vi flytter oss til den nye storstova i bygda, så vi har allereie booka oss inn i Oseana, fortel festivaldirektør Ole Henning Bøe.

Til våren

Festivalarrangørane har i lengre tid gått med tankane om å flytte festivalen frå november til ei anna tid på året.

- Når vi no skal bytta plass, fann vi det naturleg å bytta tid òg.

- Neste filmfestival i Osbygda blir difor 21.- 28. april 2012, seier Bøe.

Men for at abstinensane ikkje skal bli for store har festivalgjengen booka seg inn hos Oseana laurdag 5. november for eit lite event.

- Vi må jo halde interessa oppe, så eit lite filmevent i november tek vi oss tid til, smilar Bøe.

Kva arrangementet 5. november skal innehalde har ikkje festivalarrangørane heilt klart enno.

Hageselskap som før

Eit arrangement dei ikkje flytter verken i tid eller stad er det tradisjonsrike hageselskapet.

- Det blir arrangert som før i hagen til Solbakkestova. Årets hageselskap blir laurdag 2. juli, fortel Bøe.

Hageselskapet blir i år arrangert i samarbeid med skulptursymposiet og Galleri Solbakkestova.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.