Dei første varene er på veg inn i Sport Outlet og MX Sport sitt lager i Nordiske Handelsparker sitt 36.000 kvadratmeter store bygg i Ådnadalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Flyttesjau i Ådnadalen

Sport Outlet og MX Sport er på veg inn i NHP-lageret. – For Outlet sin del er lageret faktisk litt for lite, seier Tor-André Skeie.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I januar blei det kjent at Sport Outlet, MX Sport Bergen Holding og Elements Production flyttar administrasjon og lager til «Lidlbygget», Nordiske Handelsparker sitt 36.000 kvadratmeter store lager i Ådnadalen.

Kontrakten er på 10 år og sport-selskapa til Skeie-børne og Odd Arne Larsen skal leiga 3.600 kvadratmeter nærmast Vaksinen og Ulven.

– Bygging og innreiing har gått heilt knirkefritt. No er det nærmaste nabo, Hodneland Bygginnredning, som med stødig hand innreier kontora for oss, seier Tor-André Skeie.

Flyttar i neste veke

Denne veka kom dei første varene i hyllene i den 3600 kvadratmeter store fløyen som sportsselskapa har leigd.

– Dei varene kom eigentleg for tidleg, rett frå leverandør. Sjølve flyttinga er neste veke og veka etter skal vi vera i drift med både lager og administrasjon til nye fasilitetar.

Den utleigde tidelen av lageret som er nærmast Ulvensletta er delt i to med ein stor, overbygd rampe. Sport Outlet og Elements Production AS har den eine fløyen, der det òg er kontor, MX Sport Bergen Holding den andre.

Elements Production AS importerer varer til både MX og Sport Outlet, eigne merker som LMNTS og Vikafjell, og varer dei har agentur på, som italienske sko og skibriller frå Austerrike.

Har allereie behov for større plass

MX Sport Bergen Holding AS, som eig dei fem MX Sport-butikkane Os, Lagunen, Åsane, Sletten og Askøy, flyttar administrasjon og lager frå Espehaugen i Blomsterdalen, der dei i dag har rundt 1200 kvadratmeter.

Den nye kjeda Sport Outlet auka frå 19 til 22 butikkar frå januar til mars. Det er planar om yttarlegare utviding av kjeda.

– Tidlegare hadde vi leigd lagerteneste, dei som leverte lager for oss hadde sprengt kapasitet.

– Vi ser allereie at det nye lageret blitt smikkfullt, så vi har teikna opsjon på nabolokalet, fortel Skeie ei veke før innflytting.

Også reklamebyrået Picapoint flyttar til NHP-lageret, men dei drøyar flyttinga til over ferien.

Fleire saker