Følgjer ikkje Bergen si innstramming

– Men vi har éi bekymring, seier Klaus Melf.

Klaus Melf og Trine Lindborg, her på pressekonferanse om vaksinasjon i slutten av februar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 19. apr. 2021 16:16

Bergen kommune, som blant anna har hatt smitte på 13 grunnskular den siste veka, sette i dag i gang med fleire skjerpa tiltak, blant anna maks to gjestar på besøk og stenging av svømmehallar.

Denne gong skjer det utan at Bjørnafjorden kommune, og andre naboar til Bergen, følgjer på.

Bjørnafjorden kommune innfører ikkje ekstra tiltak på bakgrunn av dette, men følgjer situasjonen tett.

– Akkurat no er det ikkje behov for å innføra ekstra tiltak i Bjørnafjorden kommune. Men dette kan fort snu. Difor oppmodar eg alle bjørnafjordingar på det sterkaste til å halda fram å vera flinke til å halda avstand og testa seg ved symptom, seier ordførar Trine Lindborg i ei pressemelding i dag.

KOmmuneleiinga var i eit felles møte med dei andre kommunane rundt Bergen i dag.

– Vi forstår at Bergen strammar inn, men ser ikkje behov for å gjera det same, seier kommuneoverlege Klaus Melf til Midtsiden.

– Men det er éin ting som uroar oss, og det er fulle skulebussar. Vi vil oppmoda på det sterkaste at dei som reiser med buss bruker munnbind.

Midtsiden fekk i dag informasjon frå ein som reagerte på overfylt bensinstasjon i Os i helga.

– På døra sto det «maks 20 kundar», inne talte eg 40.

– 9 av 10 var utan munnbind, og folk drog med seg ein haug med ungar inn så alle kunne velja kva is dei ville ha.

Tilsette på stasjonen blei konfrontert med kundemengda, men sa dei ikkje hadde bemanning til å handtera dette.

– Eg visste ikkje at det var plass til 40 stykker inne på ein bensinstasjon, seier Melf, og klarer knapt halda latteren tilbake.

Så blir han meir alvorleg.

– Planavdelinga går på tilsyn, og vil sjekka dette nærmare. Det er bensinstasjonen si plikt å ha kontroll, seier Melf.

– Sjølv om det er butikken sitt ansvar, meiner eg at alle vaksne har ansvar for å følgja med. Dei set sin eigen og andre sin fridom på spel ved å oppføra seg på ein måte som aukar risikoen for smitte, seier observatøren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.