Næringsliv | 24. sep. 2018

Følgjer KIWI etter?

Hadde, med unntak av søndag, best opningstider i Os. Fram til i dag.

Følgjer KIWI etter?
KIWI Gudriflaten, ein av tre KIWI-butikkar i Os. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 24. sep. 2018 09:21

Konkurransen i daglegvarebransjen er hard, anten det er snakk om julemat eller påskesnop.

To av dei som konkurrerer tettast er Rema 1000 og KIWI.

Begge har hatt ope frå 7 til 23 frå måndag til fredag, men laurdag har alle dei tre KIWI-butikkane i Os hatt ope til klokka 23, mens Rema 1000 har stengt klokka 21.

– Tilstrekkeleg

I dag går Rema 1000 ut med utvida opningstider, og fleskar til med 6 til 24 seks dagar i veka.

– Vil KIWI følgja etter?

– Nei, svarer regionssjef Jan Olav Mjøs.

– Våre standardopningstider, 7 til 23, fungerer godt, og vårt inntrykk er at både kundar og medarbeidarar synest at dette er tilstrekkeleg.

Frå 6 til 3 søndagsopne butikkar

Blant seks tidlegare søndagsopne butikkar er det no tre som er opne.

Joker Os er lagt ned, Joker Søfteland har fått godkjend arealet sitt av takstmann, men ikkje hos kjeden, og held framleis stengt om søndagen.

Nærbutikken på Buena hadde søndagsope frå juni til utgangen av august, frå 12 til 17, men har stengt om søndagen gjennom haust, vinter og vår.

Dei to butikkane i Os som har ope om søndagane er Bunnpris Vedholmen Landhandel, Hagavik Hjemmebakeri og Coop Extra på AMFI Os.

Extra har søndagsbutikken sin open frå klokka 10 til 20, Hagavik Hjemmebakeri frå 11 til 16 og Bunnpris Vedholmen, som har søndagsope frå 11 til 18 om sommaren (juni-august), no er inne i ni månadar med 11 til 16.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.