Lokal | 15. juni 2009

Følgjer kongeparet

MS Midthordland skal dilta etter dronninga når kongeparet besøker Tysnes og Austevoll tysdag.

Følgjer kongeparet
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 15. juni 2009 10:57

Tysdag kan du følgja Kongeskipet frå Tysnes til Austevoll, om bord i Midthordland.

- Det er eit opplegg i regi av Tysnes kommune, fortel medeigar i MS Midthordland Helge Anderssen.

Måndag kveld går veteranbåten til Våge, slik at den ligg til kai når kongeparet går i land klokka 10 tysdag formiddag.

- Vi startar ombordstiging klokka 12 og følgjer Kongeskipet til Bekkjarvik der vi snur og reiser tilbake. Høgdepunktet på turen blir nok å sjå den store fiskeflåten på Austevoll samla for å ta i mot kongeparet, seier Anderssen.

Kongeparet er på Tysnes frå klokka 10 til 12.25 og i Bekkjarvik frå klokka 14.45 til 22.00. Onsdag går turen til Fedje og Lindås og torsdag til Radøy.

På bt.no kan du sjå heile programmet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.