Folk & Fjord avlyst - har håp om eitt arrangement i sommar likevel

Fjordfolk sin nye festival ser ikkje dagens lys før 2021.

Marthe og Christoffer må venta med Folk & Fjord-festivalen, men håper Osdagane kan køyrast siste helga i juni. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. apr. 2020 21:07
  • Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her

Laurdag kom regjeringa med nye retningslinjer, som blant anna sa nei til arrangement med over 500 menneske samla. Frå klokka 13 sto norske festivalar i kø om å avlysa.

– Vi såg det koma, og hadde dialog med musikarar og leverandørar, men om du avlyser før du må står du ansvarleg på ein annan måte, seier Marthe Kristensen frå Fjordfolk.

Saman med kompanjong Christoffer Kobbeltvedt skulle arrangera festivalen Folk & Fjord på Steinneset og i resten av Os sentrum helga 26. og 27. juni.

Sånn såg programmet ut:

Fredag
Odd Nordstoga
Bendik
Darling West
Grace & Menace

Laurdag
John Olav Nilsen & Nordsjøen
Silja Sol
Miss Tati
CCA Jonas

1/4 av billettane selt på ein månad

Fjordfolk sleppte heile programmet i Vognhallen fredag 31. januar.

Dei selte 140 billettar, dei fleste var todagarspass (noko som gir ein total på rundt 250) i løpet av den neste månaden. Det låg 500 billettar per kveld for sal, i tillegg kjem musikarar, vaktar og servering.

– Viss vi hadde selt alt kunne vi ha lagt ut 100 til per kveld. Kapasiteten på det 800 kvadrtameter store området er nok på oppunder 1000 per kveld, men vi vil ikkje fylla plassen med så mykje folk.

Det blir ikkje gjort forsøk på å gjennomføra festivalen til hausten, den er no utsett til 2021.

– Etter torsdag 12. mars har vi ikkje selt ein einaste billett. Vi har heller ikkje villa retta oss mot potensielle sponsorar i denne perioden.

– No kjennest det litt godt å få eit klart svar, for det har naturlegvis vore ein del spørsmål og uvisse dei siste vekene. Samtidig er det trist både å ikkje få jobba vidare mot ny festival til sommaren, og med alle arbeidstimane som har gått med til planlegging og booking.

Neste håp: Osdagane

Det nye eventselskapet hadde fleire arrangement på blokka då koronakrisa sette inn, og desse blei utsette eller avlyste.

I går blei ein amputert versjon av Vårsleppet gjennomført for Os Sentrumsforening.

Neste arrangement for Os Sentrumsforening kan bli Osdagane, tidlegare kalla Marknadsdagane.

I juni i fjor var sentrumsforeninga midt mellom to leiarar (William Lindborg og Jeanett Borgen Kallekleiv), så Fjordfolk tok jobben. No er foreininga utan leiar, og Fjordfolk tar alle arrangementa.

– Det kjem nye retningslinjer torsdag, for arrangement med under 500 publikummarar. No er Osdagane torgdagar utan styring på kor mange som er i området, men vi vil følgja nøye med framover, og legga ein plan for korleis desse kan avviklast på ein trygg, men gøy måte.

I fjor gav Fjordfolk arrangementet ein maritim og underhaldande vri, med blant anna kajakkpadling og vikingskip i hamna. Dei har dessutan element som skulle bli del av Folk & Fjord-festivalen, som kanskje kan gjennomførast under Osdagane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.