Lokal | 12. nov. 2018

– Folk har dumpa boss her før, men aldri i slike mengder

Dette synet møtte Svein Magne Hausberg på veg til jobb i dag.

– Folk har dumpa boss her før, men aldri i slike mengder
Dette lasset med boss er kasta på Fanafjellet i løpet av søndag kveld eller natt til måndag. (Lesarbilde, foto: Svein Magne Hausberg)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 12. nov. 2018 09:29

Svein Magne Hausberg har pendla frå Os til jobb på Flesland i over 7 år, og seier han fekk bakoversveis då han kom opp på toppen av Fanafjellet i dag.

– Det er ikkje første gong eg har sett at folk har dumpa avfall her, men aldri i slike mengder. Dette er jo nærmast eit lastebil-lass.

Materialar og plast ligg stabla i store mengder på plassen.

– Eg var forbi her i går òg, dette må ha kome i løpet av søndag kveld eller natt til måndag.

Håper syndaren blir tatt

Hausberg tok bilde og delte dette på Facebook-sida «Trafikkmeldinger Fanafjell». Han har førebels ikkje meldt ifrå om politiet.

– Eg reknar med at grunneigar oppdagar dette, og at dei melder det sjølv. I mellomtida har eg delt bildet, i tilfelle vitne har sett noko, eller at andre kjenner til kor dette stammar frå.

– I desse dagar, når folk har blitt så flinke til å rydda boss og ta vare på nærmiljøet, er det heilt utruleg at enkelte kan dumpa slike mengder boss langs vegen. Fanafjellet er eit populært turområde, og parkeringsplassen er ofte full i helgene. Eg håper dette blir fjerna raskt, og at dei finn ut kven det er som har dumpa det, seier Hausberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.