– Folk i «arabardrakt» tatt av Forsvaret
To personar i kjortlar og seks mann med skotsikre vestar skapte uro i Øyane i dag.

Tysdag fekk Midtsiden melding om at to personar i arabardrakt hadde stått og vifta på den eine brua i Øyane.
Desse skal så ha blitt tatt av Forsvaret, som stilte opp med seks menn med skotsikre vestar.
– Forsvaret har øving i området, fortel operasjonsleiar Lars Geitle ved Hordaland politidistrikt.
Måndag kveld rykte politiet ut til Øyane etter melding om skyting og roping på engelsk.
– Sjøforsvaret har øving som varer frå 20. til 27. november, seier orlogskaptein John Honningsvåg, som sjølv er på ferie.
– Ikkje heldig
– Dei kunne funne på noko anna.
– Å øva på aksjonar mot folk i denne typen antrekk er i desse tider ikkje heldig, spesielt ikkje nær ein barneskule, meiner ei mor frå Øyane som Midtsiden har vore i kontakt med.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.