Folkefest i Vikjo
Bildeserie: Sjå bilde frå då heile halve Os feira Sankthans i Mobergsvikjo.

Bildeserie:
Like før klokka seks i kveld var det reine folkevandringa ut til Mobergsvikjo.
Du kunne lukta festen lenge før du var frame i Vikjo; det stod bilar parkert på kryss og tvers, og i hytt og dynevêr frå rundkøyringa, langsmed Sjøfronten og heilt ut til kor det ikkje er mogleg å køyra lenger med bil.
Osisk folkehav
Restauranten til Oseana var full i folk. Svaberget framfor Oseana var fullt i folk. Stranda var full i folk, og grasmatta bak stranda var endå meir full i folk.
Oseana, som er ansvarleg for arrangementet, hadde fyrt i grillane, og etter litt om og men, vart det òg fyr i bålet som Vartun har vore byggemeistrar for.
Jonsok og Sankthans hand i hand
I Litauen er jonsoksfeiringa ekstra viktig, og ei stor gruppe litauarar busett i Os hadde teke feiringa ekstra langt med festklede og konkurransar.
Det musikalske baktepper stod Spelemannslaget og Durspelsamskipnaden for, og utanfor stranda hadde det òg lagt seg til ein del båtar som ville vera med på festen.
At sola venta med å koma heilt gjennom skydekket til alle var på plass til båltenninga klokka seks, er vel å rekna som nøye planlegging frå arrangørane si side.
– Snakk om fin kveld i Mobergsvikjo!
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.