Tomålsskårar Preben Borgen blir gratulert etter 1-1 i første halvdel av 1. omgang. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Folkefest, siger og publikumsrekord på Stilvoll

Sjå bildeserie frå den store dagen, der Søfteland tok tilbake tabelltoppen og knuste publikumsrekorden frå 60-70-talet.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søfteland - Fitjar 4-2 (3-1)
Målskårarar, Søfteland: Preben Borgen 2, Martin Eidsvik og Niklas Linde.
Sjå kampfakta på fotball.no.

Etter å ha snubla borte mot botnlaget Follese i førre runde, der vertane skåra 2 mål på 7 minutt før serieleiarane vakna og utlikna, og ein unggut gav Follese deira første tre poeng med flott skåring på tampen, sto Søfteland i dag klare til å ta imot Fitjar.

Styret i fotballen hadde på førehand sjekka historikken, og funne ut at førre publikumsrekord stamma frå 60-70-talet og låg på 250-300 tilskodarar. Den ville dei slå, og dagen i dag var kanskje den rette. Grilling, rutsjebane, trekking av premiar på gratisbilletten - og eigne pauseinnslag - krydra opplevinga av å vera på Stilvoll, og ny offisiell rekord blei teikna. Det var gratis å koma

– Vi hadde 322 inne til pause, men det seig på med meir folk og ny publikumsrekord på Stilvoll er 352 tilskodarar, stadfestar Roar Wold.

Starta med kalddusj

Søfteland stilte sterkt frå start, men såg ikkje ut til å villa gje publikum valuta med éin gong. Det var noko lågt tempo og lite bevegelse rundt ballførar på heimelaget. Rett nok jobba enkelte spelarar godt, som Martin Eidsvik. Preben Borgen fekk dessutan testa Fitjar-keeperen litt i opningsminuttet, men det var gjestane som skåra det første målet.

– Det har dessverre vore sånn i ein del av kampane våre, det tar litt tid før vi kjem i gang, seier kaptein Niklas Linde.

Før omgangen var halvspelt kom Preben Borgen til ein ny, tilsvarande sjanse, framleis frå 20-25 meter. Han skaut hardt og ganske lågt, og meir velplassert enn i opningsminuttet, og utlikna.

Auka på før pause

Etter 1-1-skåringa blei det fart i kampen. Thomas Blomberg kom på eit raid saman med Eidsvik, og sendte vidare til lagkameraten som kunne gje heimelaget leiinga i rundt 25. minutt.

Borgen prøvde seg frå avstand igjen, denne gong med venstrefoten, og keeper måtte gje retur. Blomberg var framme på returen, men kom feilvendt og under press, og fekk ikkje kome til skot.

Så var det Borgen igjen, ut på venstrekant mens kapteinen ba om å få ballen på bakerste stolpe. Det fekk han, og Linde skuffa ikkje, 3-1 kom i nota kort tid før pause.

I pausen var det konkurransar for ungane, som stilte seg på dødlinja for å sjå kven som kunne sparka ballen nærmast midtbanestreken.

– Ei herleg ramme!

I andre omgang var heimelaget gira på meir. Preben «kor e' Bruarøyen» Borgen etterlyste Midtsiden etter lekkert å ha skrudd 4-1 i kryssen (Midtsiden fekk dessverre berre med seg første omgang).

Berre to andre spelarar i avdelinga har skåra meir enn Borgen sine 7 på 7 kampar.

Fitjar reduserte før slutt.

– Vi var aldri truga, men det var deilig å vinna framfor eit så flott publikum. Dette gav ei herleg ramme på kampen, synest Søfteland-kapteinen.

Søfteland toppar no tabellen, rett nok før Tornado Bergen og Trio har spelt runde 7. Neste kamp går borte mot Askøy.

TERMINLISTE OG TABELL

Fleire saker