Kultur | 28. nov. 2014

Folkehav i fakkeltog

VIDEO: Fakkeltog og julegrantenninga samla over tusen små og store i Os sentrum fredag kveld.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. nov. 2014 22:26

Bildeserie:

I spissen av toget: Terje Søviknes saman med Laila Moberg frå Os Sentrumsforening. (Foto: KVB)
I spissen av toget: Terje Søviknes saman med Laila Moberg frå Os Sentrumsforening. (Foto: KVB)
Det høflege toge sleppte i periodar bilar forbi. (Foto: KVB)
Det høflege toge sleppte i periodar bilar forbi. (Foto: KVB)
I vindauga til Joker er det fleire fine peparkakehus utstilt. (Foto: KVB)
I vindauga til Joker er det fleire fine peparkakehus utstilt. (Foto: KVB)
Elisabeth og sonane Johannes og Ole kjøpte gløgg hos CK Henie. (Foto: KVB)
Elisabeth og sonane Johannes og Ole kjøpte gløgg hos CK Henie. (Foto: KVB)
3-2-1 – grana blei ikkje tent eit sekund for seint. (Foto: KVB)
3-2-1 – grana blei ikkje tent eit sekund for seint. (Foto: KVB)
Gang rundt juletreet. (Foto: KVB)
Gang rundt juletreet. (Foto: KVB)
Så kom nissen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)(Foto: KVB)
Så kom nissen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)(Foto: KVB)
Neste stunt i sentrum er julemarknad og julefestival 13. og 14. desember. (Foto: KVB)
Neste stunt i sentrum er julemarknad og julefestival 13. og 14. desember. (Foto: KVB)
1 av 8

Fakkeltog frå Hamnevegen har vore eit populært tillegg til julegrantenninga i Os sentrum, og mengda faklar har auka frå 200 til 400 på nokre år.

– I år hadde vi faklar til alle, men det er ikkje alle som vil ha, det blir gjerne éin til to per familie, seier styremedlem Lena Stigen Mathiessen.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Nissen hadde med seg 500 snopeposar, og alle blei delt ut i ekspressfart av nissen sine flinke hjelparar.

– I fjor var det rundt tusen, trur eg, i år var det fleire. Dette er nok rekord, seier ein nøgd leiar i Os Sentrumsforening, Geir Amundsen.

Musikk, gløgg og «gymnastikk»

Ordførar Terje Søviknes gjekk fremst i fakkeltoget i år, og tok både velkomsttalen og nedtellinga til julegrantenninga. Kven som var fyrbøtar veit vi ikkje, men vedkomande var nok litt overtent, og fyrte i lysa eitt sekund for tidleg.

Os Musikkforening spelte ikkje i toget i år, men sørgja for musikken så alle kunne gå rundt den nytente grana.

I fleire butikkvindu i sentrum er det utstilt peparkakehus som barnehagar i Os har laga.

CK Henie hadde rigga seg til med stand og selte gløgg og delte ut peparkaker.

Om to veker er det julemarknad i sentrum. Same helg er det også tid for den nye julefestivalen, der det kjem ny artist på scenen kvar time laurdag og søndag.

Les òg:
Nye lys - nytt tre
Det ser mørkt ut for Borgafjellet

VIDEO: Sjå julegateopninga på to minutt. (Foto: KVB, Midtsiden.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.