Lokal | 13. nov. 2018

Folkehelse, gjenbruk og like moglegheiter for alle

Lesarinnlegg: Ein utlånssentral, eller eit utstyrsbibliotek, er rett og slett eit «kinderegg».

Folkehelse, gjenbruk og like moglegheiter for alle
Ein utlånssentral kan skapa auka aktivitet - og at folk får smaken på ein ny hobby, meiner Lindborg. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. nov. 2018 12:25

Bjørnafjorden Arbeidarparti vil at kommunen skal koma i gang med oppbygging og drift av utlånssentral for sport- og fritidsutstyr allereie i 2019. Utlånssentralar/bibliotek er blitt vanleg mange stader i landet, og det dukkar stadig opp nye tilbod og idear rundt omkring.

Innbyggjarane får låne utstyr gratis,- og mest alle desse utlånssentralane er komne til i samarbeid mellom kommune, Frivillighetssentral, frivillige organisasjonar og idrettslag. Det finst ordningar/stiftingar å søkja midlar frå, og private kan også gje bort utstyr dei ikkje bruker lenger.

Her kan du for eksempel låna seg ein sykkel med sykkelvogn til søndagsturen, eller du kan få låna ryggsekk, telt og sovepose til å prøva ei overnatting ute.

Kor mange trimsyklar står ikkje rundt omkring i heimane som dyre «kleshengarar» og når brukte du fiskestonga eller skøytene og skia dine sist? Eller kva med dei fine skiskoa eller fotballskoa bornet ditt vaks ut av etter altfor kort tid?

Utlånet er gratis! Du kan få prøva deg på noko du elles ikkje ville hatt anledning til, eller kunne prioritert pengar til.

Kanskje får du ei ny interesse som gjer at du til slutt ser at dette vil eg meir, dette må eg spare til, kanskje eg kan få kjøpt noko brukt? Born og unge kan få prøva seg i ein idrett eller friluftsaktivitet utan at det skal koste tusenvis av kroner til utstyr og klede,- og det før dei i det heile tatt veit om det er dette dei vil drive med.

Ein utlånssentral/utstyrsbibliotek vil automatisk setja større fokus på deling og fordeling, fleire blir aktive og fleire av oss blir forhåpentlegvis meir bevisste vårt eige forbruk.

Fleire stadar i landet har utlånssentralar også utlån av brettspel og anna utstyr til kjekke familieaktivitetar. Kva ein kan fylla ein utlånssentral/bibliotek med er det eigentleg berre fantasien og kreativiteten som set begrensingar for. Kva med å få låna seg ein gitar eller eit anna instrument ?

Ein slik sentral/bibliotek vil også kunna gje verdifull arbeidstrening, og praksisplass for dei som treng det.

Her vil det bli bruk for både ekspedering, lagerjobb, vedlikehald av utstyr og små reparasjonar. Kanskje vi kunne fått til ein sykkelverkstad som også kunne driva «vanleg» butikk, muligheitene er mange.

BUA er eit konsept som mange kommunar brukar som system for administasjon for ein slik sentral. På nettet finn ein god informasjon om dette konseptet og historiar om korleis desse sentralane blir drifta ellers i landet.

Bjørnafjorden Arbeidarparti vil ha utlånssentral/utstyrsbibliotek som ei sak vi går til val på i september,- og som omfattar heile den nye kommunen vår.

Men vi er utolmodige på innbyggjarane sine vegne, og vil derfor legge dette inn i Os kommune sitt budsjettframlegg for 2019. Budsjettet skal vedtakast i siste kommunestyremøte før jul, og då håpar vi på tverrpolitisk semje! Det hadde vore ei flott julegåve til oss alle!

Trine Lindborg
Leiar for Bjørnafjorden Arbeidarparti og medlem i Os kommunestyre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.