Sport | 12. feb. 2012

- Føltes bra heile vegen

Sverre med kanonløp på 1500 meter, berre 48 hundredelar bak vinnar Shani Davis. Tysdag går turen til VM.

- Føltes bra heile vegen
Sverre Lunde Pedersen gjekk fort i Vikingskipet (foto: Kenneth Svenningsen, Os & Fusaposten)
Andris Hamresundag 12. feb. 2012 22:05

Sverre Lunde Pedersen og resten av verdselita har hatt den siste gjennomkøyringa før Allround-VM på skeiser. Verdscupløpa på Hamar blei ein opptur for den unge Osguten.

I går gjekk han ein svært god 5000 meter og enda på 6. plass bak Håvard Bøkko.

- Det var eit jamnt løp kor eg disponerte kreftene bra heile vegen, fortel Sverre Lunde Pedersen til Midtsiden medan han ventar på bagasjen på Flesland. No går turen heimom for klesvask og restitusjon før turen tysdag går til Allround-VM i Moskva.

Eitt hundredel unna pallen

På søndagens første løp gjekk Sverre i par med polske Zbigniew Brodka. Dei vel tre rundene på isen i Vikingskipet gjekk unna på 1.47.56. Noko som blei ein suveren parsiger (slo Brodka med nesten to sekund) og ein solid delt 4. plass berre EITT! hundredel unna pallen.

- 1500 meteren var hakket betre enn 5000 meteren.

- Eg følte meg at løpet gjekk bra heilt frå starten av, oppsummerar skeiseløparen nøkternt.

Sikra VM-plass

Lunde Pedersen gjekk òg lagtempoen saman med Mikael Flygind Larsen og Håvard Lorentzen. Dei tre gjekk inn til ein 8. plass samanlagt.

- Vi var jo litt svekka sidan Håvard Bøkko ikkje var med, men målet var å sikre VM-plassen og det klarte vi, smilar Lunde Pedersen.

Kjekt på heimebane

Verdscupstemnet gjekk i Vikingskipet på Hamar.

- Det var ikkje like mykje folk som på eit meisterskap, men likevel bra med folk.

- Korleis var isen samenligna med det du møtar i Moskva neste helg?

- Det blir nok litt betre tilhøve i Moskva. Eg tykkjer det var litt for kaldt i Vikingskipet denne helga.

Håper på 10.000 meter

Målet for All-round VM er å kvalifisere seg til 10.000 meter.

- Eg trur eg har gode moglegheiter om eg går slik som eg gjorde på Hamar i helga.

- Formen er god og sjansen for å bli blant dei tolv som får gå 10.000 er gode, avsluttar Lunde Pedersen i det han må gå for å plukke opp bagasjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.