Lokal | 24. feb. 2021

Førar meldt for 7 brot på køyre- og kviletidsreglane

– Slike førarar er det bra vi får stoppa, uttaler John Kåre Larsen frå Statens vegvesen.

Førar meldt for 7 brot på køyre- og kviletidsreglane
Statens vegvesen hadde kontroll på Halhjem ferjekai i dag. (Arkivfoto: KVB)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandonsdag 24. feb. 2021 13:22

Statens vegvesen har i dag hatt kontroll på Halhjem ferjekai.

Hovedfokus i kontrollen har vore på vinterutrustning, vekt, køyre- og kviletid og generell trafikktryggleik.

Alle køyretøy som var innom kontrollplass i dag blei kontrollert i Statens Vegvesens kontrollsystem. Dei blei i tillegg sjekka for periodisk kontroll, forsikring, og vektårsavgift.

Det var 28 køyretøy over kontrollplass, av desse blei 7 tunge plukka ut for full kontroll.

Resultatet frå kontrollen:

1 fekk 500 kroner i gebyr for manglande vognkort.

1 køyretøy fekk bruksforbud for mangelfullt vognkort på utanlandsk tilhengar, her måtte det dokumenterast råderett for vidare køyring.

4 førarar blei kontrollert på køyre- og kviletid i dag, her blei det gitt til saman 7 åtvaringar for brot på køyre- og kviletidsreglementet.

1 førar vil bli meldt til politiet for 7 forhold og fekk 6 åtvaringar for gjentatte brot på køyre- og kviletidreglementet.

– Dette var ikkje bra! Slike førarar er det bra vi får stoppa, uttaler John Kåre Larsen i rapporten etter kontrollen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.