Lokal | 04. juli 2019

Førar stakk frå staden - bilen er utan skilt

Politiet ber eventuelle vitne melda seg etter utforkøyring i Langedalen.

Førar stakk frå staden - bilen er utan skilt
Veit du kven som eig denne bilen? (Foto: Politiet)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. juli 2019 07:26

Onsdag i 18-tida fekk politiet melding om utforkøyring i Langedalen.

Ein bil låg i grøfta, men det var ingen folk ved bilen.

– Bilen er uregistrert. Det er ukjent både kven som har køyrd bilen og kven som er eigar, seier politioverbetjent Atle Birkeland.

Politiet har sikra spor og tatt beslag i bilen.

Ingen andre køyretøy skal ha vore involvert i ulykka, men politiet kjenner til at førar av ein varebil skal ha sett utforkøyringa.

Politiet ber vedkomande, og eventuelle andre som kjenner saka, å ta kontakt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.