Lokal | 18. nov. 2019

Førarkortbeslag etter snittmåling i Hegglandsdalen

UP tok 9 fartssyndarar på Hatvikvegen, Os lensmannskontor la seg etter ein bil på Hegglandsdalsvegen.

Førarkortbeslag etter snittmåling i Hegglandsdalen
UP sto med laser på Hatvikvegen fredag. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. nov. 2019 08:52

Fredag i 14-tida hadde utrykningspolitiet fartskontroll på Hatvikvegen.

Dei sto med laser i 50-sona og stoppa ni fartssyndarar. I tillegg blei det tatt éin bilførar for ulovleg bruk av mobiltelefon under køyring.

– Høgaste fart blei målt til 70 km/t, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Det resulterer i bot på 5.500 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Førarkortbeslag i Hegglandsdalen

Laurdag kveld kom ein patrulje frå Os lensmannskontor over ein som køyrde fort på Hegglandsdalsvegen.

Bilen blei stoppa klokka 22.55, snittmåling viste 86 km/t i 50-sona.

Det blei tatt beslag i førarkortet til bilførar, ein mann i 20-åra, og det er oppretta sak.

Promillekontroll og aggressiv køyring

Politiet har i helga fått fleire meldingar om aggressiv køyring.

Både fredag klokka 15.08 og søndag klokka 18.10 kom det melding frå Søfteland, utan at politiet fekk stoppa vedkomande.

Laurdag morgon frå klokka 08.40 hadde politiet promillekontroll på Lyseklostervegen. 27 bilistar blei kontrollerte, alle var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.