Lokal | 14. des. 2016

Førarkortet beslaglagt

Bilføraren som køyrde på to skuleelevar i fotgjengarfeltet ved Best stasjonen har fått førarkortet beslaglagt og blir anmeldt.

Førarkortet beslaglagt
Politi og ambulanse rykte ut på meldinga om påkøyrselen (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamreonsdag 14. des. 2016 08:22

Like før klokka 13 tysdag ettermiddag blei to gutar på veg frå skulegudsteneste i Os kyrkje påkøyrd i fotgjengarovergangen ved Best stasjonen på Byvegen. Dei to gutane kom uskadd frå ulykka.

– Bilføraren som køyrde på gutane, ein mann i 20-åra, har fått førarkortet beslaglagt og blir anmeldt for køyringa, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor.

Politioverbetjenten vil på det noverande tidspunkt ikkje seie noko om hendelsesforløpet då det har kome motstridande vitneobservasjoner. Politiet vil difor undersøka saka vidare.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.