Sport | 11. aug. 2011

- Fordi det er gøy

Bjørnefjorden Golfklubb arrangerer denne veka golfskule for om lag 45 ungar på Hauge.

- Fordi det er gøy
Andris Hamretorsdag 11. aug. 2011 06:14

Ein av dei unge lovande golfspelerane er ni år gamle Sander Skeie som står på drivingrangen og slår den eine ballen etter den andre snorbeint ut mot flagga som markerer kor langt kvart slag er.

- Kvifor er du med på golfskulen, spør vi om då vi avbryt han midt i treningsøkta.

- Fordi det er gøy vel, slår den unge golfspelaren fast med ei litt oppgitt mine over at det går ann å spørje om noko så dumt.

Sander fortel at han starta å spela golf for omlag eitt år sidan.

- Det er andre gongen eg er med på golfskulen, forklarar han.

At han er god ser vi med eigne auge.

- Sjå den perfekte venstrearmen og det fokuserte blikket, skryt nokre av dei eldre golferane som er med som instruktørar.

- Har du spelt nokre turneringar då, lurar vi på i håp om eit litt meir intelligent spørsmål.

- Neeei, berre familieturneringar som vi lagar til sjølv, seier ungguten.

- Vinn du då?

- Det er det farmor og farfar som gjer. Dei vinn heile tida, men dette året skal vi slå dei, seier han med ei bestemt mine før han plukkar opp att drivaren og klinkar ballen klokkereint 100 meter utover bakkane.

Rekruttering og samhald

Suzie Heggland er den av dei vaksen som trekk i dei administrative trådane i høve til golfskulen.

- Vi har omlag 45 ivrige elevar som får instruksjonar i alle golfspelets faser av 25 vaksne og juniorspelarar, fortel Heggland.

- Ho trekk fram rekruttering av nye spelarar og skulen som eit sosialt samlingspunkt for dei eldre medlemmane som viktige grunnar til å halde golfskulen.

- Det å ha med besteforeldre og juniorspelarar er kjempekjekt. Ikkje berre får dei vera med på å utvekle nye spelarar, men dei får og ei hyggeleg stund saman, slår Heggland fast.

Golfskulen går over fire dagar kor elevane er oppdelt i 8 grupper som øvar på lange slag, putting, chiping, innspel og korleis kome seg ut av sandbunkeren.

- Dei får òg ei runde på banen i litt mindre grupper slik at dei får testa kunnskapen i praksis, avsluttar Suzie Heggland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.