Bjørnafjorden kommune | 28. mai 2021

Førebels ingen i Bjørnafjorden tatt ut i streik

7.390 er tatt ut i streik, men foreløpig ingen i vår kommune.

Førebels ingen i Bjørnafjorden tatt ut i streik
Forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangsø. (Foto: Hege K. Fosser Pedersen, KS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2021 08:04

Seks timar på overtid natt til torsdag blei LO Kommune, YS og Akademikerne einige med KS i lønnsoppgjeret.

– Årets mekling resulterte i omtrent ei tidobling av fjorårets lønnsvekst, seier Mimmi Kvisvik, leiar for Fellesforbundet (FO).

‒ Alle med treårig utdanning er sikra eit tillegg på minimum 12.100 kroner, mot 1.400 i fjor. Dei med høgast utdanning og lengst ansiennitet kan få opp mot 21.000 i tillegg på lønna.

Men med Unio, som representerer 13 forbund, blant anna Utdanningsforbundet og Norsk sjukepleiarforbund, blei det inga løysing.

– KS er glad for ei løysning som sikrar kjøpekrafta for kommunalt tilsette. Unio takka nei til dette, og vel å gå til streik i ein krevjande situasjon for landet. Deira krav var umoglege å innfri, seier forhandlingsleiar i KS, Tor Arne Gangsø (bildet).

7.390 av Unio sine medlemmar blei tatt ut i streik, fordelt på 13 kommunar og ni fylkeskommunar.

Nokre av desse er i Utdanningsforbundet, 180 skular i Noreg er ramma. Utdanningsforbundet Bjørnafjorden har rett over 400 medlemmar.

– Vi er i ein konflikt med arbeidsgjevar, noko som betyr at all dialog mellom tillitsvalte og arbeidsgjevar opphøyrer fram til vi har ei løysing. Men dette er ikkje noko publikum vil merka, seier leiar i Utdanningsforbundet Bjørnafjorden, Ove S. Berge.

– Streiken kan bli trappa opp, viss konflikten blir langvarig, og medlemmar i Bjørnafjorden kommune kan i så fall bli tatt ut i streik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.