Sport | 15. juli 2010

Førebudd på fahrenheit

I fjor førte tropevarme til dårege besøkstal i Osbadet. - No kan varmen berre koma, seier Borgen på ny terrasse.

Førebudd på fahrenheit
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 15. juli 2010 07:38

I starten av juni fortalte Leif Gunnar Borgen om planane i og rundt Osbadet. Ut mot grasbanen skulle det koma ny terrasse.

- No er terrassen ferdig, og vi er nøgde med resultatet, seier badesjefen.

No manglar berre solstolane og opning av eit sluk innanfor inngangsdøra, i eit kar der gjestane skal vaska føtene før dei går inn igjen i bassenget.

- I fjor førte tropevarme til svært dårlege besøkstal i slutten av juni og starten av juli. I år er det betre, og kjem det varme seinare i sommar så trur eg vi no er betre rusta. Dette har blitt ein fin plass å sitja og sola seg innimellom boblebad eller symjing.

Arbeid i kafeen
Også ved inngangspartiet og på taket utanfor møterommet i andreetasje skulle det byggast terrasse. I tillegg var det planar om oppgradering av kafeen, eit arbeid som er godt i gang.

- No får vi fleire sitjeplassar og større resepsjon. Resepsjonen er utvida i same stil som skiljeveggen inn til sitjeplassane, også resten av resepsjonen skal med tida skiftast ut til møblar i same stil.

Fotballspelarar reiv trappa
Fleire av Os sine juniorspelarar har vore på dugnad for å bygga terrasse til Osbadet. I same slengen gjekk dei laus på nabobygningen, deira eige klubbhus.

Trappa er riven og opninga i rekkverket er spikra igjen. Ny trapp har kome på plass i enden mot parkeringsplassen.

Det var på tide med ny trapp, men det er uvant å sjå klubbhuset utan den sentrale trappa direkte frå banen og opp til inngangen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.