Næringsliv | 08. okt. 2011

Førebudd på ny konkurrent

Aktiviteten går for fullt med tilbygg for Coop Extra i AMFI Os. På innsida har dei roen.

Førebudd på ny konkurrent
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 08. okt. 2011 06:20

Torsdag 27. oktober blir det opning av tilbygg på 2500 kvadratmeter, nytt parkeringsareal på tak og i kjellar, ny hovudinngang og to nye butikkar; Kitch'n og Coop Extra.

– Dei siste dagane før opninga, frå 23. til 26. oktober, må vi stenga hovudinngangen for å få gjort denne ferdig, fortel senterleiar Christer Danielsen.

Eurospar har vore einaste daglegvarebutikk i senteret sidan Coop Prix 1. september i fjor stengte for ombygging til Coop Extra.

Fin auke

Kjøpmann Mette Lindborg fortel at Eurospar hadde ei fin auke då dei blei åleine med mat i senteret, men at dei ikkje overtok heile handelen Prix hadde hatt.

– Trass i ombyggingsfasen vi er midt oppe i har veksten har halde fram i år og vi ligg no 10 prosent over 2010, fortel ho.

Fryktar ikkje Coop Extra

Sjølv om Eurospar vaks då Prix tok en pause trur ikkje Lindborg at Eurospar vil krympa tilsvarande når Coop kjem tilbake i form av ein over 2000 kvadratmeter stor Extra-butikk.

– Eg trur Coop Extra kjem til å lokka fleire folk til senteret så vi samla sett får fleire som legg handleturen til AMFI Os.

Dessutan har Eurospar andre ting å by på enn Extra får i hyllene.

– Vi har større utval, ferskvaredisk, populære varer som lågpris-serien First Price og vi har flinke tilsette som kundande er godt kjent med, seier Mette og nemner Britt Flister og Inger Storum som prakteksempel.

– Inger og Britt har vore her sidan senteret opna i 1988. Vi har mange kundar som spør etter nettopp ein av desse to damene når dei skal ha seg noko godt i ferskvaredisken.

Utvidar opningstidene

Denne veka starta Europris med å halda ope til klokka 22.

– I utgangspunktet skulle vi også byrja å opna klokka 7 i staden for klokka 8, i staden blei det utviding på kveldstid frå 21 til 22.

– Og dette er for å møta komande konkurrent på ein offensiv måte?

– Nei, dette kom frå sentralt hald og er berre ein del av den generelle utviklinga på landsbasis, seier Mette Lindborg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.