Lokal | 25. mai 2012

Førebudd på rekordhelg

Lageret er fylt med diesel, bolledeig og is; Vedholmen Landhandel går årets travlaste helg imøte.

Førebudd på rekordhelg
Pinsehelga er den viktigaste helga for butikken i Øyane. Med draumevêret vi no har kan det bli rekord. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. mai 2012 13:39

– Nei, eg stressar ikkje, seier innehavar Inglaug Brimsholm.

– Eg er nemleg i Spania. Men eg tippar at dei har det travelt heime, og eg kjem sjølv heim for å hjelpa til frå laurdag av, fortel ho.

Årets viktigaste helg

Bunnpris Vedholmen Landhandel ligg midt i det travlaste hytteområdet i Os, i tillegg er butikken ein kort svipptur innom for dei som reiser mellom Bergen og Stord eller Tysnes med båt.

– Når det er vêr så er pinsen den beste helga vår i året. Sånn vêret er no, litt betre enn eg har det her i overskya Spania faktisk, så kan det bli ei rekordhelg for oss.

Steikeomnen blir neppe kald

Bollar, pizza og is er saman med drivstoff bestseljarar ved butikken om sommaren, og Brimsholm seier det skal vera fylt opp med mest mogleg av alt.

– Vi skal byrja med hot-dog og softis i sommar, dette er dessverre ikkje på plass. Men vi doblar bemanninga i helga og skal steika bollar så fort vi kan, seier Inglaug før heimereise til sommarvarme i Os og Øyane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.