Førebur seg på tidleg hekking
Bildeserie: Det yrer av vårteikn og fuglar i bryllaupsmodus i skjergarden i Os.

Bildeserie:
(Alle foto: Oddmund Lunde)
I skodde og sol dei siste vekene var det ikkje berre spekkhoggarane som dukka opp, som teikn på at det er sild i fjorden og vår i lufta.
– Allereie 4. mars var den første grågåsa på plass på Raudholmande, fortel naturfotograf Oddmund Lunde.
Ved innseglinga til Halhjem kom ein einsleg tjeld 7. mars. I førre veke hadde han fått selskap av ein annan – som strekte på vingene etter flygeturen over Nordsjøen.
Havørna førebur seg på hekking
Måndag 14. mars titta kusymra fram i Kvalesundet. Mellom holmane og skjera har det òg dukka opp små flokkar med ærfugl og siland.
– Dei er i bryllaupsmodus no når temperaturen går opp, alle prøver å imponera hoene.
Lunde fortel at eit av fleire par havørner som har tilhald i Os har halde seg her gjennom vinteren.
– Dei er gode fiskarar og førebur seg no på tidleg hekking, fortel Lunde.
Sjå òg: Vårteikn under vatn (video frå to paddedammar)
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.