Lokal | 07. des. 2020

Førebygging - for enkeltmennesket og kommuneøkonomien

Lesarinnleg: Vi reverserer forslag om nedlegging av helsetenester.

Førebygging - for enkeltmennesket og kommuneøkonomien
Marie Lunde Bruarøy og Ernst Hoff. (Foto: KVB og AH)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. des. 2020 10:03

Vi veit at antal eldre i kommunen vår monaleg vil auka i åra som kjem. Det er eit overordna mål at ein skal klara seg sjølve og bu i eigen bustad lengst mogleg. Dette er til det beste for den einskilde, men det er ògdet beste for kommuneøkonomien.

For at ein skal oppnå dette målet, må kommunen leggja til rette for det gjennom førebyggjing. Førebygging er viktig både for den einskilde sin livskvalitet, og for å begrensa kostnader til helsetenester på sikt.

Det har i mange år vore viktig for Høgre å satsa på førebygging og habilitering, og vi er stolte over dei tenestene vi har bygd opp innan området.

Medlemmane våre, med Senior Høgre i spissen, har engasjert seg sterkt etter at kommunedirektøren i sitt budsjettframlegg føreslo å leggja ned enkelte tenester.

Dette gjeld kreft-, kols- og diabetesteama, tryggleikssjukepleiar og kreftkoordinator. Å leggja ned desse tenestene, meinar vi vil vera å gå baklengs inn i framtida.

Difor reverserer Høgre og Frp desse kuttiltaka i vårt felles budsjettframlegg.

Desse tilboda vil gje fortsatt tryggleik for innbyggjarane og det vil utan tvil vera gunstig for kommunen vår både på kort og lengre sikt.

Marie E. L. Bruarøy, gruppeleiar Høgre
Ernst Hoff, leiar Senior Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.