Lokal | 11. apr. 2019

Foreldre reagerer etter jente fekk tilbod om skyss

Bilførar skal ha insistert. Politiet ber vedkomande ta kontakt.

Foreldre reagerer etter jente fekk tilbod om skyss
Politiet fekk melding om ubehageleg hending mellom ei jente og ein mannleg bilist onsdag morgon. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 11. apr. 2019 09:30

Politiet fekk i går melding frå foreldre om noko dottera opplevde som ubehageleg.

– Ho sto på busstoppet på Byvegen ved Amfisenteret, på veg til skulen om morgonen, då ein mannleg bilist stoppa og spurde om ho ville sitja på, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Jenta, som er i ungdomsskulealder, takka nei.

– Bilførar skal ha insistert. Jenta sa at ho venta på ei venninne, men ikkje før ho tok opp telefonen sin for å ringa, skal han ha køyrd frå staden.

Bilen blir skildra som ein mørk elbil, bilførar som etnisk norsk og truleg mellom 30 og 40 år.

Politiet ber bilførar ta kontakt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.