Næringsliv | 01. des. 2009

Føreleste i forskrifter

Måndag var ein tidlegare forskar på Os for å halda førelesing i byggforskrifter for 30 handverkarar i kommunen.

Føreleste i forskrifter
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. des. 2009 09:28

Teknisk sjef i Mesterhus-kjeden, Trine Pettersen, har bakgrunn frå Byggforsk. Mesterhus-leverandør Bjørn Døsen AS tok initiativ til seminaret på Osbadet måndag.

- Dei nye forskriftene set krav til fleire involverte leverandørar til eit hus. I tillegg til eige mannskap inviterte vi elektrikarar, murarar og røyrleggjarar, i alt 30 handverkarar frå 8 firma takka ja til invitasjonen, fortel Døsen.

Vi fekk ein prat med den tidlegare forskaren før seminaret i møterommet på Osbadet.

Nye krav til energi
1. februar 2007 kom dei nye byggeforskriftene, kalla TEK 07. Fram til 1. august i år kunne handverkarane velja om dei ville bygga etter har TEK 97 eller TEK 07. Prosjekt med godkejnt byggesøknad før 1. august kan oppførast etter gamle krav.

For bustadar er det i TEK 07 strengare krav til isolasjonseigenskapane for blant anna yttervegg, tak, vindauge og dører. I tillegg er det krav om lufttettleik, bygningen må trykktestast.

- Dette er truleg den største skjerpinga av krava vi nokosinne har hatt, seier Trine Pettersen.

- Fram til no har det stort sett vore tømrarane som har stått med ansvaret, no skal det lite slurv til frå andre leverandørar før huset for eksempel ikkje består ein trykktest.

Stiv kuling på veggen
Dersom eit ferdig hus ikkje består trykktesten kan det vera både vanskeleg å finna lekkasjen og dyrt å reparera den. Derfor blir det ofte tatt trykktest når vindsperr er kome på, men før kledning blir spikra på veggen.

Reknestykket kan sjå slik ut:
Huset har volum på 300 kubikk. Vifta sug vakum på 1000 kubikk i timen.
1000 : 300 = 3,3, altså blir lufta i bustaden skifta ut 3,3 gongar i timen, som er for dårleg. 2,5 er kravet.

- Når vi har fått vakum i bygningen er det lett å kjenna kvar det kjem inn for mykje luft. Det kan vera rundt eit vindauge, ein sluk som ikkje er montert eller eit hol elektrikaren har laga, som ikkje er tetta skikkeleg, seier Robert Solberg frå Bjørn Døsen AS.

Utfordring for murarar
TEK 07 stiller også nye krav til vindauge- og dørprodusentar. Frå 1. august blei akseptert varmetap gjennom vindauge redusert frå 1,4 til 1,2 i U-verdi (varmetap). Dette gjeld snittet på vindauga i bustaden, store vindauge har for eksempel lågare U-verdi (er betre varmeisolert) enn små.

- Dei fleste store vindaugeprodusentane har fått orden på dette. Takvidauge var lenge ei utfordring, men også desse har blitt betre, seier Pettersen.

- Dei som kanskje har fått dei største utfordringane er murarane. Tidlegare blei det berre pussa på synlege plassar, nå skal heile pipa pussast, for å isolera godt nok.

Det er også nytt krav til snitt U-verdi på ytterveggar, på 0,22. Resultatet er at også grunnmurar må isolerast på utsida, også dei som ikkje er gravd ned.

For tett?
Med tettare hus er det mange som fryktar større fare for fuktskade, og for allergi hos dei som bur i bustaden.

- Med TEK 07 blir ventilasjon endå viktigare, og at ventilasjonsanlegget blir brukt.

Samstundes blir det meir viktig med fuktsperrer.

- Hadde det vore opp til meg så hadde spot-belysning vore forbode, seier Pettersen og ler. Men det er litt alvor i det.

- No får du heldigvis spotar i kassar med dampsperre, og lågtbyggande spot, men utan dette er det stor fare for at varm, fuktig luft går opp i taket og møter kaldare luft. Då blir det kondens og fukt, seier ho.

Tyngre løft
Med auka dimensjonar på veggar og tyngre vindauge og dører blir det meir krevjande å vera handverkar.

- Å retta seg etter krava er ikkje så vanskeleg, det gjeld berre å vera vaken. På seminaret får alle det inn intravenøst.

- Men det blir tyngre løft av dette, og det er synd om fagfolk forsvinn frå yrket før fylte femti, med dårleg rygg pg skuldre som verker, legg han til.

Døsen skal no bygga ein hall for pre-fabrikasjon av veggar.

- Då får vi også den fordelen at ytterveggane blir bygde i tørt miljø. Med den nedbørsmengda vi har her på Vestlandet så skal det litt til å kalla eit hus tørt, når det er nybygd og klar til levering, seier Bjørn Døsen.

- Men eg ser av dei testane vi har gjort, at vestlendingar har gode resultat. Her har dei tradisjon for å beskytta seg mot regn og vind, seier Trine Pettersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.