Lokal | 31. jan. 2017

– Fører landbruket i feil retning

Bøndene i Os og Bergen møttest på bygrensa for å tenna bål i protest mot jordbruksmeldinga.

– Fører landbruket i feil retning
Olav Botnevik og Borhild Fjelltveit frå Os og Bergen Bondelag tente bål i protest mot forslaget til landbruksmelding (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 31. jan. 2017 16:37

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) la før jul fram stortingsmelding om jordbrukspolitikken.

– Frå gammalt av har det vore ein tradisjon for å tenne bål som varsel om fare. I dag tenner bønder over heile landet bål som eit varsel mot konsekvensane av forslaget til jordbruksmelding. Denne fører landbruket i heilt feil retning og er på kollisjonskurs både med stortingsfleirtalet, bøndene og forbrukarane, fortalde Bodhild Fjelltveit, leiar av Bergen Bondelag, då ho saman med Olav Botnevik frå Os Bondelag tente bålet på Bahus gard på grensa mellom Os og Bergen.

Vil ha meir konkurranse

Botnevik forklarar at landbruksministeren i jordbruksmeldinga vil ha meir konkurranse i landbruket.

– Det er greit at han vil ha konkurranse og eit meir effektivt landbruk, men han tek ikkje omsyn til at konkurransevilkåra er forskjellige. Du kan ikkje driva ein gard på same måte her på Vestlandet eller i Nord Norge som du kan gjera på Jæren eller flatbygdene austpå. Vi er eit variert land, det må gjenspeila seg også i rammevilkåra. Jordbruksmeldinga er det mest sentrale dokumentet vi har for landbruket.

– At han er ein liberalist er greitt, men dette opplegget fører til kutt i begge ender og vil ikkje vera med på å vidareutvika det mangfoldet vi har i landbruket, seier Botnevik.

– Det er store moglegheiter i landbruket, men meldinga tek ikkje dette på alvor. Vi er avhengig av ein politikk som jobbar med oss, supplerar Fjelltveit medan bilistar på Osvegen/Byvegen turar si støtte til bøndene i det dei passerer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.