Lokal | 02. apr. 2019

Forklarer Ohara-prisen med 14 punkt

Kommunestyret bestilte rapport - i kveld blir den lagt fram for politikarane.

Forklarer Ohara-prisen med 14 punkt
Frå 230 til 470 millionar - I kveld får kommunestyret rapporten om det kommunale reinseanlegget. (Foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 02. apr. 2019 12:04

Det nye kommunale reinseanlegget for kloakk skulle opprinneleg kosta 230 millionar kroner. Etterkvart steig ramma, og prognosen (per i dag) seier at prosjektet landar på 470 millionar.

I oktober 2018 bestilte kommunestyret i Os ei brei og grundig utgreiing av heile prosjektet, ein rapport som tok føre seg planlegging, oppstart og gjennomføring.

Kommunestyret ba om oversikt over endringar, utfordringar med kostnadsmessige konsekvensar - i den samanheng frå både politisk og administrativt hald. Kommunestyret ønskte med bestillinga av rapporten å finna læringspunkt for framtidige store investeringar. I tillegg var det uro over gebyrauka dette ville medføra innbyggarane i Os.

Saka stod først på sakskartet under det førre kommunestyremøte, 19.februar, men grunna tidsnød vart saka utsett til kveldens møte.

For lågt prisa frå dag éin

I rapporten kjem det raskt fram at anlegget i utgangspunktet har vore for lågt prisa, og dette burde vore fanga opp i ein tidlegare fase enn det som vart rapportert.

Uføresette kostnadar med bygging og kostnadar i samband med planlegging og prosjektgjennomføringskostnadar vert òg trekt fram som undervurderte.

Som årsak til desse auka kostnadane ser rapporten på auka arbeidsomfang og kompleksititet ved prosjektet.

Tok tid og pengar å finna eigna stad

Plasseringa av Ohara vart ein politisk maraton.

Konsekvensutgreiingar og auka engasjement frå bebuarar i Mobergshaugane gjorde at endeleg vedtak om plassering på Moberg ikkje var klart før i februar 2012.

Saka hadde då gått sidan 2008, og i rapporten kjem det fram at kostnadane desse åra - inkludert tomtekjøp på Moberg, kosta kommunen 9 millionar kroner.

Norconsult AS meinte den gongen at prosjektet ville kosta totalt 224 millionar.

Les òg: På innsida av Ohara

Kompleks historikk på 14 punkt

Rapporten som kjem på bordet til dei folkevalde i kveld er kompleks, og tel 15 tettskrivne sider.

Den er førd i pennen av tidlegare prosjektleiar, Johannes Håkonsund. I avsluttinga av rapporten vert følgjande 14 punkt trekte fram som kostnadsdrivande:

• Ekstrautgifter ved kjøp av tomt

• Tilrettelegging steindepot -Brandsneset (kommunalt depot)

• Ekstra kostnadar for geotekniske og geologiske tenester

• Ekstra tiltak med omsyn til utfylling og tilrettelegging i Greidalen

• Utviding av fjellrom for reinsehall minus/utrekk av vass-sikringsduk

• Anleggsveg til luftesjakt endra grunna grunntilhøva langs Ulvenvatnet

• Ekstrasikring av fjell, inkl. avtalt tillegg for krevjande fjellkvalitet

• Ekstrautgifter vedk.handtering av krav frå Veidekke

• Utvida reinsekapasitet bygg (G1) og prosess (M1)

• Meir omfattande behov for vass-sikringsduk grunna dårleg fjellkvalitet

• Tiltak og tilpassing for varierande tilrenning, prosess (M1)

• Tillegg utførande G1 vedk.fjellkvalitet/arbeid i fjellrom

• Tillegg utførande G1 vedk.mangelfult kontraktsgrunnlag og arbeidsgrunnlag

• Økte prosjektkostnadar grunna lang byggetid

I saksframlegget ligg rapporten som ei orienteringssak for kommunestyret.

Heile rapporten kan du lesa her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.