Lokal | 20. nov. 2020

Forlenga restriksjonar fører til ny stenging

Solstrand Hotel & Bad stenger måndag.

Solstrand Hotel & Bad håper på nye, gode opplevingar - frå 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 20. nov. 2020 20:49

I mars stengte Solstrand Hotel & Bad dørene - for første gong i hotellet si 125 år lange historie.

Hotellet var stengt frå fredag 13. mars til søndag 14. juni.

Solstrand har brukt både tida dei var stengt, og den rolege tida etter opning, til å rusta opp. Blant anna er eit parkeringshus under bygging.

Drifta var nesten tilbake til normalen, med så og seia alle hundre tilsette tilbake i full jobb, då smittebølgje nummer to ramma - og skjerpa smittevernreglar kom torsdag 5. november.

Håper å opna igjen 7. januar

I førre veker blei kokkar, hovmeister og servitørar sendt ut på hagearbeid, noko dei sjølv var nøgde med. No stenger hotellet.

– Det er vemodig å meddela at vi ser oss nøydd til å stenga. Dette skjer i lys av dagens smittesituasjon og dei forlenga restriksjonane for Bergen og omegn, skriv Solstrand på sine heimesider.

Hotellet blir stengt frå måndag 23. november. Dei håper å opna igjen 7. januar.

Gjestar som har bestilt opphald eller spa i denne perioden blir oppmoda å avbestilla digitalt, gjestar med gåvekort blir informert om at dette er gyldig i to år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.