Korona | 06. sep. 2021

Forlenger dei lokale tiltaka ei veke til

Gult nivå til og med fridagen 13. september.

Forlenger dei lokale tiltaka ei veke til
Bjørnafjorden rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. sep. 2021 12:16

Kommunal kriseleiing (KKL) i Bjørnafjorden kommune har vedtatt å vidareføra gult smittevernnivå i barnehagar og barne- og ungdomsskular til og med måndag 13. september 2021.

Måndag 13. september er fridag for grunnskulen grunna stortingsvalet.

Det opplyser kommunen i ei pressemelding i dag.

Følgjande blir likevel endra frå og med tysdag 7. september:

  • Utleige av skulelokale på ettermiddag/kveldstid til eksterne er tillate.
  • Gruppeundervisning ved kulturskulen startar opp igjen, innanfor rammer som er godkjende av kommuneoverlegen. Føresette vil få meir informasjon direkte frå kulturskulen.

Den lokale forskrifta for smittekarantene for barn og unge under 18 år gjeld òg til og med måndag 13. september 2021.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.