Samferdsle | 25. jan. 2025

Forseinkingar grunna vêret

Problem på Hatvik-Venjaneset.

Forseinkingar grunna vêret
MF Årdal på veg ut frå Hatvik ferjekai. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 25. jan. 2025 08:00

FJORD1 melder om vanskar grunna dårleg vêr.

På Hatvik - Venjaneset er det no forseinkingar, meldte ferjeselskapet klokka 06.46 i dag.

Vindstyrken auka i Rogaland og Vestland i går. Den skal halda seg høg gjennom dagen i dag.

Allereie før klokka 14 fredag varsla Vegtrafikksentralen at rute E på E39 Halhjem-Sandvikvåg blei innstilt. Klokka 17.25 blei E39-sambandet lengre sør, Arsvågen-Mortavika, innstilt. Siste avgang blei klokka 18.00.

Fredagkveld var det 143 abonnentar utan straum nord for Os sentrum.

Det er restane av orkanen Éowyn, som har herja i Irland og Skottland, som tref Norge. Den har blitt kalla ein «bombesyklon», som skal bety at den er ein storm som raskt kan auka i styrke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.