Lokal | 04. aug. 2018
Forseinkingar på Hatvik-Venjaneset
Laurdag morgon var det kanselleringar, no slit FosenNamsos med forseinkingar.
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. aug. 2018 09:32
MF Marstein trafikkerte sambandet Hatvik-Venjaneset tidlegare denne veka, mens MF Fosen var på kort verkstadopphald.
No er MF Fosen tilbake i drift, men det kan sjå ut som om verkstadopphaldet ikkje var langt nok.
Klokka 06.54 kom det melding om at alle avgangar på Hatvik-Venjaneset var kansellert inntil vidare.
Årsaka var tekniske problem.
Klokka 07.52 kom det melding om normal drift igjen, men i 11-tida fortel FosenNamsos om forseinkingar på sambandet.
Selskapet oppmodar likevel reisande om å møta til oppsett rutetid.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.