Samferdsle | 15 timar sidan
Forseinkingar på Hatvik-Venjaneset
Skodde skaper vanskar i dag òg, denne gong lengre inn i fjordane.


Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 16. juli 2026 08:19
Dei to siste dagane har skodde skapt forseinkingar om formiddaget på Torghatten sitt samband mellom Halhjem og Sandvikvåg.
I går var det òg forseinkingar på Fjord1 si rute Halhjem-Våge, i dag er det lengre inne i fjordane.
Reisande må rekna med forseinkingar på Hatvik-Venjanes, varsla Fjord1 torsdag morgon.
Det har i dag ikkje kome tilsvarande varslar om ferjene frå Halhjem. Skodda ser ut til å letta tidlegare vest i fjorden i dag.
I går var det normal drift på Halhjem-Våge frå klokka 12.12.
Oppdatert: Det er normal drift på Hatvik-Venjaneset frå 12.10.