Knut Jarle og Espen Aspenes i Alutec først i Noreg med Sintef-sertifisert stillas (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Knut Jarle og Espen Aspenes i Alutec først i Noreg med Sintef-sertifisert stillas (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Først i Noreg med Sintef-sertifisert stillas

Alutec (Jamax stillassystem) først med Sintef-sertifisert stillas.

Andris Hamre
10. oktober 2017 - 13:05

Alle stillassystem som blir omsatt i Noreg skal dokumenterast med eit sertifikat utstedt av eit kvalifisert sertifiseringsorgan i følgje dei nye krava i Produsentforskriften (Arbeidstilsynet sin forskrift om konstruksjon, utforming og framstilling av arbeidsutstyr og kjemikaliar) § 4-1 til 4-4 og NS-EN 12811-1. Direktoratet for byggkvalitet har utpeika Sintef Byggforsk til denne oppgåva.

No er Jamax stillassystem, utvikla og produsert av Alutec på Os det første systemet i Noreg som får denne sertifiseringa.

– I 1990 var Alutec først i Noreg med typegodkjent stillas (Jamax stillassystem). No er vi først i Norge med Sintef-sertifisert stillas. Denne sertifiseringa erstattar dagens typegodkjenning, fortel Espen Aspenes i ei pressemelding.

Tåler langt meir enn det må

Komponentane i stillassystemet har vore gjennom ei rekke testar, blant anna fullskalaprøving, fallsikringstester og droptester.

– Ut frå beregna dimensjonerande vertikallast har stillaset oppnådd nesten ti gangar større last ved testing. Dette tyder at systemet tåler langt meir enn det det er godkjent for.

Ein viktig milepæl

Jamax stillassystem har fått Produktsertifikat nr. 3276 og er underlagt overvåkande produktkontroll i samsvar med krava i NS-EN ISO/IEC 17020.

– Dette er ein viktig milepæl for Alutec, som har vore i front og marknadsleiar i over 20 år. Vi er no klare til å oppretthalde og vidareutvikle denne prosisjonen også dei neste 20 åra under nye gjeldande rammebetingelser for våre produkt, seier Aspenes, som ventar ei omsetning på omlag 120 millionar kroner i 2017.

I samband med sertifiseringa har Alutec utarbeidd ein ny og meir detaljert brukerveileiing og produktmanual som er tilgjengeleg på selskapet si heimeside.

Sjå også Midtsiden sin "På innsio: Alutec" 

Les meir om

Næringsliv Industri