Næringsliv | 13. mars 2013

Første Askeladden i aluminium

Askeladden i aluminium og Askeladden med aksling: Båtmessa Sjøen for Alle opnar i dag og produsenten frå Os stiller ut med spennande nyvinningar.

Første Askeladden i aluminium
Askeladden A66 Multi er 102 år gamle Askeladden sin første i aluminium. I dag blir den vist for første gong. (Foto: Askeladden Boats/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. mars 2013 10:09

Då Askeladden i januar fortale om fusjon med Båtens Beste, avslørte dagleg leiar Henrik Askvik at den 102 år gamle båtprodusenten frå Os i år lanserer minst tre nye båtar.

Til messa Sjøen for Alle i Lillestrøm, som opnar for publikum klokka 11 i dag, har Askeladden to lanseringer:

Askeladden P77, deira første i P-serien med aksling, og Askeladden A66 Multi, Askeladdens første aluminiumsbåt nokosinne.

– Med aksling på ein av modellane i den populære Pilot House-serien når vi ei heilt ny kundegruppe. Vi har båtar med innanbordsmotor frå før, men mange båtfolk, spesielt dei som bur nord for Bergen, vil heller ha aksling og dei eigenskapane dette tar med seg, framfor hekkaggregat, seier marknadssjef Leif Bergaas i Askeladden Boats AS.

– A66 er vi også spent på. Aluminium er populært også innan fritidsbåtutvalet, men vår første aluminiumsbåt innbyr nok mest til fiske og røft bruk. Den er solid, med 6 mm tjukk aluminium i botnen og 5 mm på sidene, og har stpr dekkplass.

– Vi har allereie hatt ein del presse og 7-8 av våre 30 norske forhandlarar innom, og responsen er veldig fin.

Får besøk frå fabrikken

– Dei fleste av forhandlarane vår blir nok å sjå på messa i løpet av helga, i tillegg får vi besøk av fem av dei tilsette ved fabrikken vår i Polen.

Bergaas er nøgd med Askeladden-standen på den store messa og ser fram til å ta imot dei på stand.

– I Polen er vi knapt synleg, det blir kjekt å visa dei at båtane dei produserer for oss er eit stort og kjent merke i den norske marknaden.

Standen blir driven av forhandlarar frå svenskegrensa via Oslo til Arendal, med fleire frå administrasjonen i Os er med for å hjelpa til.

Askeladden A66 Multi

- ein robust båt for fiske, fritid, oppdrett og anleggsarbeid

Dette er første Askeladden produsert i aluminium, eit lett, solid og tilnærma vedlikeholdsfritt materiale som i båtindustrien stort sett har blitt brukt til større, raskare båtar, men som stadig blir meir aktuelt også på mindre båtar.

A66 Multi er bygd på same skrogdesign som P66 Multi, eit skrog for raskare båtar tilpassa utanbordsmotorar frå 70 til 150 hk.

Multikonseptet betyr at du startar med eit stort ope skrog og tilpasser med innreiing og utstyr etter behov. Du kan bygga din eigen båt etter behov, enkelt og fleksibelt.

Med aktermontert styrekonsoll har den rikeleg med dekksplass og lasteevne, og kan passa til ulike typar bruk, ikkje minst til transport av materialer og utstyr til anleggsverksemd, der båten gjerne skal ligga opp mot svaberg eller grovare kaiar eller fiskemerdar.

Båtan kan bli utstyr med blant anna ekstra styreposisjon og fisketank. Du kan også få tak over hovudet i eige "dog-house".

Askeladden A66 Multi
Designkategori: C
Totallengde inkl. fenderlist og plattform 7,0 m
Lengde: LOA 6,60 m
Bredde: 2,50 m
Vekt utan last og motor: 1000 kg
Personar: Maks. 7
Maks last: 1.500 kg
Motor: 70-150 HK
Drivstoff: 140 liter
Motorstamme: Lang
Fartspotensiale: 22-37 knop

Askeladden P77 Weekend

– første i P-serien med aksling

Askeladden sin P-serie har fått ei spesielt god mottaking. I dag er P-serien Askeladden sine mest selte båtar, noko som viser at det alltid er marknad for innovasjon og nyvinningar.

Til no har P-serien berre vore å finna med utanbordsmotorar, bortsett frå P80, som også kan bli levert med hekkaggregat.

– Derfor lanserer vi no P77 Weekend med klassisk motorinstallasjon: Innanbords diesel med propelltunnel, "flyndre" og ror. Dette gjev ein svært driftssikker og drivstoffvennlig motorisering.

Båten er lettdriven og rask. Med ein Yanmar 145 hk er fartspotensialet heile 25 knop. Det gjer båten kan bli svært aktuell også for fritidsbrukarar som vil ha det enkelt og økonomisk i bruk.

– Til båtar med utanbordsmotor har vi avtale med Suzuki, når det kjem til innanbordmotor står vi fritt til å velja merket vi meiner passar båten best. P80 har Volvo, nye P77 har Yanmar, fortel Bergaas.

Båten kan utstyrast med slure-gir som gjer at den kan gå i langsam dorgefart, noko som er vanskelegare å få til med utanbords eller hekkaggregat.

Motorkassen er plassert heilt akter (utstyrt med V-gir), noko som gjev båten eit vesentleg større akterdekk enn outboard-variantane. Båten har også ei lengre vasslinje og betre bærekraft akter, som igjen bidrar til det høge fartspotensialet.

Elles finnest alt som du har av utstyr du finn til dei andre Weekend-båtane frå Askeladden: Pantry, spiseplass, overnattingsplass, lukka WC, moglegheit for varme – også under kalesjen på akterdekket, moglegheit for baugpropell, ankervinsj, teine/garnløfter med meir.

Askeladden P77 Weekend
Designkategori: C
Lengde totalt (inkl. plattform): 7,70 m
Lengde LOA skrog: 7,1 m
Breidde (inkl. fenderlist): 2,50 m
Høgde (frå kjøl til tak): 2,75 m
Vekt med Yanmar 4BY2 150 KMH50IV 145 HK: 2.100 kg
Personar: Maks. 7
Maks last: 1.000 kg
Drivstoff: 180 liter
Vasstank: 40 liter
Septiktank: 40 liter
Fartspotensiale: 25 knop

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.